3408_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3408
Auke i forbruket av varer
statistikk
2002-12-11T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenoktober 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 1,3 prosent målt i volum frå september til oktober, justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i oktober 5,6 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.

Varekonsumindeksen har som siktemål å talfesta hushalda sitt forbruk, medan detaljomsetningsindeksen er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen, har varekonsumindeksen eit anna innhald, rekna ut frå omsetning i fleire næringar og med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet. Varekonsumindeksen nyttar konsumprisindeksen, medan detaljomsetningsindeksen nyttar prisindeks for detaljhandel til fastprisutrekningar. Sjå delindeksar i konsumprisindeksen .

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, oktober 2002. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Oktober 2001-oktober 2002. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
        Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2001        
Oktober  119,4 1,1  119,5 7,1
November  121,7 1,9  123,8 6,5
Desember  121,0 -0,6  158,6 2,9
         
2002        
Januar  121,2 0,2  117,4 4,2
Februar  121,6 0,3  104,3 3,5
Mars  122,4 0,6  115,0 -0,8
April  122,5 0,1  115,3 8,4
Mai  121,9 -0,4  119,5 3,6
Juni  121,8 -0,1  121,5 1,4
Juli  120,6 -1,0  121,7 3,8
August  121,8 1,0  126,0 1,9
September  123,5 1,4  115,5 4,1
Oktober  125,1 1,3  126,1 5,6