3421
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3421
Uendra forbruk av varer
statistikk
2002-06-24T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenapril 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Uendra forbruk av varer

Varekonsumindeksen var uendra målt i volum frå mars til april, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i april 8,3 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før. I dei fire første månadene var den ujusterte volumindeksen 3,7 prosent høgare enn han var i same periode året før.

På grunn av ei revidering av modellen for utrekning av indeksen, i samband med talrevisjonen av den årlege og den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, kan ikkje indekstala samanliknast direkte med tala frå tidlegare publiseringar.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og forbruket av elektrisitet i hushalda.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, april 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
April 2001-april 2002. 1995=1001
Periode Sesongjustert   Prosentendring frå månaden før   Ujustert   Prosentendring frå same månad året før
2001        
April  117,1 -1,6  106,4 0,2
Mai  117,8 0,6  115,3 -1,9
Juni  117,7 -0,1  119,8 3,1
Juli  117,1 -0,5  117,2 2,0
August  118,9 1,5  123,6 2,7
September  118,2 -0,6  111,0 -0,8
Oktober  119,6 1,2  119,5 7,1
November  121,9 1,9  123,8 6,5
Desember  121,0 -0,7  158,6 2,9
2002        
Januar  121,4 0,3  117,4 4,2
Februar  121,9 0,4  104,3 3,5
Mars  122,6 0,6  115,0 -0,8
April  122,6 0,0  115,2 8,3
1  Merk at berekningsopplegget for varekonsumindeksen er revidert. Tala kan difor ikkje samanliknast direkte med tal frå
tidlegare publiseringar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB