3423_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3423
Vekst i forbruket av varer
statistikk
2002-05-14T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksen, mars 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Vekst i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 0,8 prosent i volum frå februar til mars, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i mars 1,2 prosent lågare i volum enn han var i same månad året før.

Neste frigjeving av varekonsumindeksen vert utsett med ei veke til veke 25. Dette kjem av ei revidering av modellen for utrekning av indeksen, i samband med talrevisjonen av den årlege og den kvartalsvise nasjonalrekneskapen.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks. Mars 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Mars 2001-mars 2002. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2001        
Mars 119,1 1,3 116,4 3,8
April 117,8 -1,1 106,2 0,5
Mai 118,0 0,2 115,0 -1,4
Juni 118,2 0,1 119,7 3,4
Juli 117,3 -0,7 116,8 2,0
August 118,8 1,3 124,7 1,9
September 118,4 -0,4 110,3 -0,7
Oktober 119,5 1,0 119,1 6,9
November 122,0 2,1 123,9 6,4
Desember 121,2 -0,7 158,9 2,5
         
2002        
Januar 122,0 0,7 119,5 5,1
Februar 122,2 0,2 104,8 3,6
Mars 123,2 0,8 115,0 -1,2