3425_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3425
Svak vekst i forbruket av varer
statistikk
2002-04-17T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenfebruar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak vekst i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 0,2 prosent i volum frå januar til februar, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i februar 3,6 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før. Merk at volumindeksane for januar 2002 er reviderte sidan siste frigjeving.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, februar 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Februar 2001-februar 2002. 1995=1001
Periode Sesongjustert    Prosentendring frå månaden før    Ujustert    Prosentendring frå same månad året før
2001        
Februar 117,4 0,2    101,2 -3,0
Mars 119,6 1,8 116,4 3,8
April 117,9 -1,4 106,2 0,5
Mai 118,1 0,2 115,0 -1,4
Juni 118,2 0,1 119,7 3,4
Juli 117,3 -0,7 116,8 2,0
August 118,8 1,3 124,7 1,9
September 118,3 -0,3 110,3 -0,7
Oktober 119,4 0,9 119,1 6,9
November 121,9 2,1 123,9 6,4
Desember 121,1 -0,7 158,9 2,5
2002        
Januar 121,9 0,7 119,5 5,1
Februar 122,1 0,2 104,8 3,6
1  Merk at volumindeksane for januar 2002 er reviderte sidan siste frigjeving.