3433_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3433
Høgare forbruk av varer
statistikk
2001-12-11T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenoktober 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare forbruk av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 0,7 prosent i volum frå september til oktober, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen i oktober var 6,9 prosent høgare i volum enn den var i same månad året før. Merk at volumindeksane for september 2001 er reviderte sidan siste frigjeving.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, oktober 2001. Sesongjustert
og ujustert volumindeks. Oktober 2000-oktober 2001.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2000        
Oktober 113,1 -2,8 111,4 -2,7
November 115,6 2,3 116,4 1,5
Desember 117,6 1,7 154,9 -1,6
         
2001        
Januar 117,2 -0,3 113,7 2,3
Februar 117,7 0,4 101,2 -3,0
Mars 119,8 1,8 116,4 3,8
April 118,0 -1,5 106,2 0,5
Mai 118,0 0,1 115,0 -1,4
Juni 118,1 0,0 119,7 3,4
Juli 117,1 -0,8 116,8 2,0
August 118,5 1,2 124,8 1,9
September 118,0 -0,4 110,3 -0,6
Oktober 118,8 0,7 119,1 6,9
1  Merk at volumindeksane for september 2001 er reviderte sidan siste frigjeving.