3440_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3440
Svak nedgang i forbruket av varer
statistikk
2001-09-14T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksen, juli 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak nedgang i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viste ein nedgang på 0,7 prosent i volum frå juni til juli, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i juli 2,0 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.

Perioden desember 2000 til juni 2001 er revidert, mellom anna etter ei nøyare utrekning av verknaden av auken i den generelle momssatsen frå 1. januar 2001. Gjennomsnittleg i perioden er den ujusterte varekonsumindeksen revidert med om lag 1,0 prosent i volum.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks. Juli 2001. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Juli 2000-juli 2001. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2000        
Juli 115,5 -1,8 114,6 -2,7
August 115,8 0,3 122,4 3,2
September 115,9 0,1 111,1 0,9
Oktober 113,4 -2,2 111,5 -2,7
November 115,7 2,0 116,4 1,5
Desember 117,7 1,7 154,9 -1,6
         
2001        
Januar 117,4 -0,3 113,7 2,3
Februar 117,6 0,2 101,2 -3,0
Mars 119,8 1,8 116,4 3,8
April 118,0 -1,5 106,2 0,4
Mai 118,1 0,0 115,1 -1,4
Juni 118,1 0,0 119,7 3,4
Juli 117,2 -0,7 116,9 2,0
1  Merk at volumindeksane er reviderte sidan siste frigjeving for perioden desember 2000-juni 2001. Gjennomsnittleg revisjon i perioden for den ujusterte volumindeksen er om lag 1,0 prosent.