3448_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3448
Auke i konsumet av varer
statistikk
2001-05-11T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksen, mars 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i konsumet av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 1,7 prosent frå februar til mars, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i mars 2,9 prosent høgare enn den var i same månad året før.

Varekonsumindeksen blir utrekna med utgangspunkt i detaljomsetjingsindeksen. Varekonsumindeksen nyttar i tillegg informasjon om førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal frå bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet. Utviklinga i desse varegruppene fører med seg ulik vekst i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Merk at den sesongjusterte volumindeksen er revidert sidan siste frigjeving. Årsaka til revideringa er endringar i informasjonen om hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeks, mars 2001. Sesongjustert og
ujustert volumindeks.1Mars 2000-mars 2001. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad
året før
2000        
Mars 115,7 -1,8 112,2 -1,4
April 116,7 0,9 105,7 8,3
Mai 117,3 0,5 116,7 11,5
Juni 117,8 0,5 115,8 1,8
Juli 115,3 -2,1 114,6 -2,7
August 115,7 0,3 122,4 3,2
September      115,8 0,1 111,1 0,9
Oktober 113,3 -2,1 111,5 -2,7
November 115,6 2,0 116,4 1,5
Desember 117,0 1,2 154,2 -2,0
         
2001        
Januar 117,4 0,4 113,7 2,3
Februar 117,1 -0,3 100,6 -3,6
Mars 119,1 1,7 115,5 2,9
1  Merk at den sesongjusterte volumindeksen er revidert sidan siste frigjeving. årsaka
til revideringa er endringar i informasjonen om hushalda sitt forbruk av elektrisitet