9925_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/stefu/arkiv
9925
Auka omsetning innanfor utleigeverksemd
statistikk
2003-11-07T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Bygg, bolig og eiendom
no
stefu, Næringslivstjenester, strukturstatistikk, eiendomsbransjen, eiendomsmeglere, utleiere, arkitekttjenester, advokattjenester, FoU, reklamevirksomhet, veterinærtjenester, vakttjenester, rengjøringsvirksomhet, omsetning, sysselsatte, foretakEiendom, Tjenesteyting, Varehandel og tjenesteyting, Bygg, bolig og eiendom
false

Næringslivstjenester, strukturstatistikk2002, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka omsetning innanfor utleigeverksemd

Førebelse tal viser at omsetninga innanfor utleigeverksemd var på 14,6 milliardar i 2002. Dette er ein auke på 7,4 prosent frå året før. Dei 2 490 føretaka i denne næringa sysselsette totalt 6 288 personar i 2002.

Næringa omfattar utleige av maskiner og utstyr utan personell og utleige av hushaldsvarer og varer til personleg bruk. Næringane utleige av bilar, utleige av anna transportmateriell og utleige av andre maskiner og anna utstyr har auka omsetninga i 2002. Utleige av hushaldsvarer og varer til personleg bruk har derimot nedgang i omsetninga.

Omsetning, etter næring. Føretak. Førebelse tal 2002. Milliardar kroner

Innanfor næringa omsetning og drift av fast eigedom var det 27 471 føretak i 2002, ein auke på 3,6 prosent frå året før. Det blei omsatt for 74,2 milliardar kroner og næringa sysselsette 23 375 personar, ein auke på høvesvis 12,3 og 6,1 prosent.

I 2002 var det 306 føretak innanfor næringa forskings- og utviklingsarbeid som totalt hadde ei omsetning på 5,3 milliardar kroner og sysselsette 7 302 personar. Dette tilsvarer ein auke på høvesvis 6,9 og 7,5 prosent frå 2001.

Nedgang i omsetninga innanfor etterforsking og vakttenester

Næringa anna forretningsmessig tenesteyting består av ei rekkje ulike næringsgrupper. Dei 38 188 føretaka innanfor denne næringa omsette for 121,8 milliardar kroner og sysselsette 157 793 personar i 2002.

I næringa etterforsking og vakttenester var omsetninga på 3,1 milliardar kroner i 2002, ein nedgang på 356 millionar kroner frå 2001. Dei 248 føretaka i denne næringa sysselsette 8 174 personar i 2002, noko som inneber ein nedgang på 609 personar.

Vi gjer merksam på at nokre av tala innanfor næringa anna forretningsmessig tenesteyting ikkje direkte kan samanliknast med tidlegare publiserte tal. Dette kjem av at det er gjort ein gjennomgang av næringsplasseringa til føretaka i næringsundergruppa forretningsmessig tenesteyting elles.

Spesielt har dette påverka tala innanfor juridisk, administrativ og organisasjonsteknisk tenesteyting og revisjon, då mange føretak har blitt endra frå næringsundergruppa "forretningsmessig tenesteyting ikkje nemnd annan stad" til næringsundergruppa "bedriftsrådgiving".

Førebelse tal

Førebelse tal i strukturstatistikken blir berre publisert på føretaksnivå. Det blir berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresifra næringsnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretak som er registrerte med hovudaktivitet i ei næring kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vera ved publisering av endelege tal i juni 2004.

Tabeller: