33359
/valg/statistikker/stortingsvalg/arkiv
33359
2 696 000 deltok ved stortingsvalet
statistikk
2009-10-15T10:00:00.000Z
Valg
no
stortingsvalg, Stortingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, storingsrepresentantarStortingsvalg, Valg
false

Stortingsvalet2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

2 696 000 deltok ved stortingsvalet

Valdeltakinga ved årets stortingsval var på 76,4 prosent, som tilsvarar i alt 2 696 000 godkjende røyster. Samanlikna med valet for fire år sidan er det ein nedgang på eit prosentpoeng. Mengda røyster avgjeve på førehand auka, og talet på innvalde kvinner er det høgaste nokosinne.

Stortingsvalet 2009. Røyster på utvalde parti

Stortingsvalet 2009. Røyster på førehand/valting

Stortingsvalet 2009. Valdeltaking i prosent 1900-2009

Berre tre stortingsval etter den andre verdskrigen har hatt lågare eller same valdeltaking som dette stortingsvalet. Det gjeld vala i 2001 (med den lågaste deltakinga sidan 1927), i 1993 og i 1945, då deltakinga var på same nivået som i år. Av dei godkjende røystene vart 24,4 prosent gjevne på førehand - noko som er ein auke på 6,5 prosentpoeng i høve til valet i 2005. Flest førehandsrøyster vart gjevne i Utsira kommune i Rogaland der i alt 44,3 prosent av røystene vart gjevne på førehand.

Geografisk variasjon i valdeltakinga

I høve til valet i 2005 hadde alle fylka utanom Finnmark ein nedgang i valdeltakinga. Auken i Finnmark var på 0,6 prosentpoeng. Akershus hadde den høgaste valdeltakinga som vanleg, med 80,4 prosent. Den lågaste hadde Finnmark med 71 prosent. Størst nedgang i valdeltakinga i høve til valet for fire år sidan hadde Nord-Trøndelag med 2,2 og Oppland og Hedmark med 2,1 prosentpoeng nedgang.

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Senterpartiet, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Høgre, etter fylke. Prosent

Utsira kommune i Rogaland med 161 røysteføre hadde den høgaste valdeltakinga med 92,5 prosent, følgt av Kvitsøy i Rogaland og Oppegård i Akershus med 84,9 prosent. Dei same kommunane er attergangarar på lista over kommunar med høgast valdeltaking: 21 av dei 25 kommunane med høgast deltaking ved valet i 2005 var òg av dei 25 kommunane med høgast valdeltaking ved dette valet. 44 kommunar hadde valdeltaking over 80 prosent - mot 61 kommunar ved førre stortingsvalet. Lågast valdeltaking hadde Moskenes kommune i Nordland og Guovdageaidnu Kautokeino kommune i Finnmark med 63,5 prosent, følgt av Herøy i Nordland med 65,7 prosent deltaking. I alt 27 kommunar hadde ei valdeltaking under 70 prosent, og 17 av desse var kommunar i dei tre nordlegaste fylka.

Størst skilnad på førehands- og valtingsrøyster hjå Høgre, Senterpartiet og SV

Den totale mengda veljarar som nytta høvet til å røyste på førehand, var 657 000. Som tilfellet er for det totale valresultatet, fekk Arbeidarpartiet størst mengd røyster gjevne på førehand - i alt 34,6 prosent, eller 226 000, av førehandsrøystene. Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre fekk ei mindre mengd av røystene gjevne på førehand i høve til dei gjevne på valting - medan SV, Raudt, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Framstegspartiet alle fekk ei større mengd av førehandsrøystene i høve til valtingsrøystene. Størst skilnad mellom deltaking på førehand og deltaking på valting hadde Høgre med 2, Senterpartiet med 1,9 og SV med 1,6 prosentpoeng skilnad. Ser ein nærare på Venstre, ligg dei over sperregrensa med 4,4 prosent når ein berre tek omsyn til førehandsrøystene.

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Sosialistisk Venstreparti, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Kristeleg Folkeparti, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Venstre, etter fylke. Prosent

Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Framstegspartiet, etter fylke. Prosent

Flest innvalde kvinner nokosinne

67 kvinner vart i år valde til Stortinget, og dette utgjer 40 prosent av representantane. Dette gjer det noverande Stortinget til det med høgast mengd kvinner nokosinne. Høgast kvinnerepresentasjon har Venstre, der begge representantane er kvinner, og Senterpartiet, der 7 av 11 representantar er kvinner. Sjølv om mengda har auka sidan sist val, har Framstegspartiet framleis den lågaste kvinnerepresentasjonen på Stortinget. 24 prosent av Framstegspartiets representantar er kvinner.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB