33357_not-searchable
/valg/statistikker/stortingsvalg/arkiv
33357
Høgre fekk flest førehandsrøyster
statistikk
2001-11-02T10:00:00.000Z
Valg
no
stortingsvalg, Stortingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, storingsrepresentantarStortingsvalg, Valg
false

Stortingsvalet2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgre fekk flest førehandsrøyster

Høgre var det mest populære partiet blant dei som gav røyster på førehand til stortingsvalet. 24,6 prosent av førehandsrøystene gjekk til Høgre. Arbeidarpartiet fekk 22 prosent av førehandsrøystene. Venstre fekk 4,1 prosent av valtingsrøystene, men berre 3,1 prosent av førehandsrøystene og kom under sperregrensa for utjamningsmandat.

 Stortingsvalet 2001. Røyster på førehand/valting. Prosent

 Stortingsvalet 2001. Røyster på utvalde parti. Prosent

Valdeltakinga ved årets val var på 75,5 prosent, ein nedgang på 2,8 prosentpoeng frå stortingsvalet i 1997. Dette er den lågaste valdeltakinga sidan 1927. Av dei godkjende røystene blei 20 prosent gjevne på førehand. Dette er ein auke på 1,1 prosentpoeng frå førre val. Flest førehandsrøyster blei gjevne i Træna i Nordland. Her blei nær halvparten av røystene gjevne på førehand.

Fedje kommune i Hordaland hadde den høgaste valdeltakinga med 83,3 prosent, Skjåk kommune i Oppland hadde den lågaste med 64,7 prosent. Blant fylka finn vi den høgaste valdeltakinga i Akershus med 79,1 prosent, medan Finnmark hadde den lågaste valdeltakinga med 69.4 prosent. Samanlikna med valet i 1997 gjekk valdeltakinga tilbake i alle fylka, mest i Telemark med 4,2 prosentpoeng.

Arbeidarpartiet den store taparen

Arbeidarpartiet blei den store taparen ved årets val, men er framleis det største partiet på Stortinget. Partiet fekk ein oppslutnad på 24,3 prosent, ein tilbakegang på 10,8 prosentpoeng. Dette er det dårlegaste valet Arbeidarpartiet har gjort sidan 1924. Målt i talet på røyster så har aldri eit norsk parti hatt ein større tilbakegang frå eit val til eit anna, enn den som Arbeidarpartiet hadde ved dette valet.

 

Arbeidarpartiet fekk 291 730 færre røyster ved årets val enn ved valet i 1997. Størst var tilbakegangen i Buskerud, her gjekk Arbeidarpartiet tilbake med 13,4 prosentpoeng. Ved valet i 1997 fekk Arbeidarpartiet over 50 prosent av røystene i 17 kommunar. Ved valet i år var det berre i Årdal i Sogn og Fjordane at partiet fekk meir enn 50 prosent av røystene.

Høgre gjorde eit godt val samanlikna med valet i 1997 og gjekk fram med 6,9 prosentpoeng. Partiet vann òg tilbake posisjonen sin som det nest største partiet på Stortinget. Men med unntak av vala i 1997 og i 1993 er årets val det svakaste Høgre har gjort sidan 1973. Høgre gjekk kraftig fram i Akershus og i Vest-Agder, i begge fylka auka partiet med nær 10 prosentpoeng.

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne til Arbeidapartiet, etter fylke. Prosent

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne til Høgre, etter fylke. Prosent

Venstre fekk over 4 prosent av valtingsrøystene

Venstre fekk 98 486 røyster og var med det 2 387 røyster frå å komme over sperregrensa for utjamningsmandat på 4 prosent. Venstre fekk 4,1 prosent av valtingsrøystene, men berre 3,1 prosent av førehandsrøystene. Framstegspartiet gjekk tilbake med 0,7 prosentpoeng, men med ein oppslutnad på 14,6 prosent gjer partiet likevel sitt nest beste val nokon sinne.

Sosialistisk Venstreparti (SV) fekk 12,5 prosent av røystene og gjorde med det det beste valet i partiet si historie. Størst framgang hadde SV i Oslo og Sør-Trøndelag. I desse fylka gjekk dei fram med over 8 prosentpoeng. SV fekk relativt fleire røyster på valdagen enn på førehand. I Oslo fekk partiet heile 17,7 prosent av valtingsrøystene. Forutan Agder-fylka blei SV representert frå alle fylka.

Senterpartiet gjorde sitt dårlegaste stortingsval sidan skipinga i 1920

Senterpartiet gjekk tilbake i alle fylka så nær som eitt, og enda opp med 5,6 prosent av røystene. Partiet fekk 4 prosent av førehandsrøystene, medan dei fekk 6 prosent av valtingsrøystene. Dette er det dårlegaste stortingsvalet i partiet si historie. Kristeleg Folkeparti fekk 13,7 prosent av førehandsrøystene og låg med det an til å gjere eit betre val enn i 1997. Partiet gjekk likevel tilbake med 1,3 prosentpoeng frå valet i 1997. Senterpartiet vann berre sju distriktsmandat, men fekk tre av utjamningsmandata.

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne til Framstegspartiet, etter fylke. Prosent

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne Sosialistisk Venstreparti, etter fylke. Prosent

36 prosent kvinner på Stortinget

60 kvinner blei i år valde til Stortinget, noko som utgjer vel 36 prosent av representantane. Av Senterpartiet sine ti stortingsrepresentantar er heile seks kvinner. Det gjev ein kvinnerepresentasjon på 60 prosent, noko som er det høgaste i det nyvalde Stortinget. (Teksten er rettet 08.11.2001)

Arbeidarpartiet fekk utjamningsmandat

Sidan ordninga med utjamningsmandat blei innførd i 1989, har Arbeidarpartiet alltid fått ein langt høgare representasjon på Stortinget enn talet på røyster skulle tilseie. Slik gjekk det ikkje i år. For første gong fekk Arbeidarpartiet eit utjamningsmandat. Dette mandatet gjekk til Oslo. Høgre blei nær representert frå alle fylka med unntak av eitt, Nord-Trøndelag. Høgre mangla her 72 røyster på eit distriktsmandat. Kristeleg Folkeparti mista sine mandat i Oppland og Finnmark og blir representert frå 17 fylke i det nye Stortinget. Høgre blei største parti i seks fylke, medan Kristeleg Folkeparti blei størst i to fylke. Arbeidarpartiet var det einaste partiet som fekk representasjon frå alle fylka.

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne til Kristeleg Folkeparti, etter fylke. Prosent

 Stortingsvalet 2001. Røyster gjevne til Senterpartiet, etter fylke. Prosent



Tabeller:

Tabeller

Tabeller til publiseringen