16339_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettst/arkiv
16339
3 534 000 har røysterett ved stortingsvalet
statistikk
2009-09-03T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere;Valg
no
stemmerettst, Personer med stemmerett, veljarar, fyrstegongsveljarar, veljarar med innvandrarbakgrunnStortingsvalg, Valg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Personer med stemmerett2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

3 534 000 har røysterett ved stortingsvalet

3 534 000 veljarar fordelt på 3 003 valkrinsar har røysterett ved stortingsvalet. Av desse er heile 29 prosent veljarar over 60 år, medan 3,7 prosent er fyrstegongsveljarar. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 4,6 prosent av dei røysteføre. Mengda kvinnelege veljarar utgjer totalt 51 prosent av dei røysteføre.

Den totale mengda røysteføre har auka med 3,6 prosentpoeng sidan førre stortingsval i 2005.

Fyrstegongsveljarar i prosent av alle røysteføre

Store skilnader på valkrinsane

Totalt sett er det 3 003 valkrinsar ved dette valet. Det er ein nedgang i høve til mengda ved kommune- og fylkestingsvalet i 2007, då det var 3 127 valkrinsar. I alt 17 valkrinsar har eit manntal over 7 000. Rådhuset i Oslo - som òg er ein krins der alle røysteføre utan oppgjeve krins inngår - er den største valkrinsen med 12 900 røysteføre. Forutan den største valkrinsen, har Horten valkrins i Vestfold 11 500 røysteføre. Askimbyen, Askim i Østfold har òg over 10 000 røysteføre, med 10 700.

I den andre enden er det i alt 24 krinsar med eit manntal på 20 eller færre - og 7 krinsar har eit manntal på 10 eller færre. Brøstad i Dyrøy kommune, Troms, har registrert fire røysteføre. Dette gjeld òg for Melfjordbotn krets i Rødøy kommune, Nordland.

Gjennomsnittleg storleik på valkrinsane, når alle røysteføre utan oppgjeve krins er unnateke, er 1 166.

Fleirtal av kvinnelege veljarar

Sjølv om det i fleirtalet av krinsane er ei overvekt av menn (57 prosent), utgjer kvinner samla sett 51 prosent av veljarmassen. Kjønnsfordelinga i dei ulike valkrinsane varierer monaleg. Lauvøylandet i Alstahaug, Nordland har 67  prosent kvinner, medan Akkarvik i Skjervøy, Troms og Langfjordhamn i Loppa, Finnmark, har 80 prosent menn blant dei registrerte veljarane.

1 700 av dei 3 003 krinsane har eit fleirtal av menn, medan det i 1 241 er ei overvekt av kvinner. I 62 av krinsane er kjønnsfordelinga identisk. Den fylkesvise fordelinga syner at det både i Oslo og Vestfold er om lag 3 prosent overvekt av registrerte kvinnelege veljarar, medan det i motsett høve er om lag 3 prosent overvekt av menn i Finnmark. Sogn og Fjordane og Troms har òg ei svak overvekt av mannlege veljarar - alle dei resterande fylka har fleire kvinnelege veljarar ved det komande stortingsvalet.

Yngre og eldre røysteføre

Samla sett kan 125 300 veljarar røysta for fyrste gong ved dette stortingsvalet. Den yngste aldersgruppa 18-19 år utgjer 3,7 prosent av den samla mengda røysteføre.

Eidfjord i Hordaland og Marnadal i Vest-Agder har den største mengda fyrstegongsveljarar med 6 prosent. Når det gjeld fylka har Rogaland og Akershus den høgaste mengda fyrstegongsveljarar med 4 prosent. Oslo har færrast med 3 prosent.

Mengda røysteføre frå 60 år og eldre er 1 019 000, og denne gruppa utgjer heile 29 prosent av dei røysteføre. Mengda kvinner i denne gruppa er 54 prosent. Størst overvekt av kvinner gruppert på fylke har Oslo med 56 prosent og Vest-Agder med 55 prosent. På motsett side har Finnmark den minste mengda kvinner av røysteføre over 60 år med 51 prosent.

I heile ti av fylka utgjer røysteføre frå 60 år og eldre over 30 prosent av den samla mengda røysteføre i fylket. Hedmark og Oppland har høgast del veljarar over 60 år medan Oslo og Rogaland har lågaste mengda.

Røysteføre, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre etter fylke

Fleire innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre kan røyste

163 800 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap har røysterett ved stortingsvalet. I høve til stortingsvalet i 2005 er dette ein auke på 40 100 røysteføre. Den samla mengda røysteføre i denne kategorien har auka frå 3,6 prosent i 2005 til 4,6 prosent ved det komande valet.

Den største mengda, 47 prosent, har bakgrunn frå asiatiske land. Røysteføre med bakgrunn frå andre europeiske land utgjer 25 prosent, medan røysteføre med bakgrunn frå afrikanske land utgjer 13 prosent.

Som for resten av dei røysteføre er det eit fleirtal av kvinner i denne gruppa - om lag 52 prosent.

Flest røysteføre innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre er det i aldersgruppene 18-29 år (39 300) og 40-49 år (39 200), medan det er færrast i gruppene 50-59 år (25 500) og 60+ (25 100). Den største einskildgruppa er menn med bakgrunn frå asiatiske land i aldersgruppa 18-29 år. I alt er det 10 600 røysteføre i denne gruppa.

Fire fylke har over 5 prosent røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Geografisk er denne gruppa størst i Oslo. I hovudstaden utgjer denne gruppa 14 prosent av dei røysteføre, medan ho utgjer høvesvis 6 og 5 prosent av dei røysteføre i Akershus og Buskerud. Lågast mengd har Nord-Trøndelag og Nordland. I desse fylka utgjer innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 1 prosent av den samla mengda røysteføre.

Det er i alt 34 300 røysteføre med innvandrarbakgrunn som er fyrstegongsveljarar no i september. Denne gruppa inkluderar alle som røystar ved sitt fyrste val i Noreg. Røysteføre med asiatisk bakgrunn utgjer 17 000 av desse, medan det samla sett er 7 300 frå andre europeiske land.

Tabeller: