16333_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettst/arkiv
16333
3 528 000 med røysterett ved stortingsvalet
statistikk
2009-04-02T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere;Valg
no
stemmerettst, Personer med stemmerett, veljarar, fyrstegongsveljarar, veljarar med innvandrarbakgrunnStortingsvalg, Valg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Personer med stemmerett2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

3 528 000 med røysterett ved stortingsvalet

Om lag 3 528 000 personar har røysterett ved årets stortingsval. Av desse er 628 000 over 67 år, 245 600 er fyrstegongsveljarar og 164 100 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn.

Den totale mengda røysteføre personar har auka med 3 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet i 2005. Auken er størst i Oslo, med 22 500 fleire røysteføre, medan nedgangen er størst i Sogn og Fjordane, med 600 færre personar med røysterett.

Fleire unge og stabil gruppe av eldre røysteføre

I det kommande valet er det i alt 245 600 veljarar som for fyrste gongen kan røysta i eit stortingsval. Av desse er 125 500 i den yngste aldersgruppa, 18-19 år. Det tilsvarar ein auke på 32 400 røysteføre frå stortingsvalet i 2005 for aldersgruppa 18-21 år. Delen av unge røysteføre av den totale mengda røysteføre er høgast i Rogaland, Vest-Agder samt Sogn og Fjordane med 8 prosent. Lågast del av unge har Oslo, med 5 prosent. Deretter følgjer Hedmark og Oppland, med 6 prosent.

Mengda røysteføre 67 år og eldre er 628 000, ein auke frå 611 600 i 2005. Samanlikna med det totale talet røysteføre held denne gruppa seg stabil frå sist stortingsval. Flest eldre med røysterett er det i Hedmark, Oppland samt Sogn og Fjordane, med 22 og 21 prosent. Fylka med lågast del i denne aldersgruppa er Oslo, med 14 prosent, og Rogaland og Østfold, med 16 prosent.

Gruppa norske statsborgarar i utlandet utgjer i år 41 600 personar. Norske statsborgarar i utlandet er med i manntalet dersom dei i ein gong i løpet av dei siste ti åra har vore busette i Noreg, og om dei elles fyller krava til røysterett.

Fleire norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har røysterett

164 100 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved stortingsvalet i år. Dette er 40 400 fleire enn i valet i 2005. Delen innvandrarar blant den totale mengda røysteføre har auka frå 3,6 prosent i stortingsvalet i 2005 til 4,7 prosent i det kommande valet.

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Etter landbakgrunn. Prosent

Utrekna tal for norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Etter landbakgrunn. Utvalde land

Delen norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika samt Tyrkia aukar framleis sterkt. Denne gruppa utgjer i dag 69,5 prosent av personar med innvandrarbakgrunn som har røysterett - ein auke på 4,5 prosentpoeng.

Som ved det førre stortingsvalet er det i denne gruppa flest med bakgrunn frå Pakistan (16 850),
Vietnam (12 840), Iran (9 280) og Bosnia-Hercegovina (9 010). Røysteføre med irakisk og somalisk bakgrunn har den største auken sidan valet fire år attende. Dei utgjer kvar 5,2 prosent av den totale mengda røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn.1

Oslo og Akershus har flest busette norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn med røysterett ved stortingsvalet - 15 og 6 prosent av den totale mengda. Færrast røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn er det i Nord-Trøndelag og Nordland, med 1 prosent.

1Avsnittet er rettet 02.04.2009 kl.10:27.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB