Innhald
Om statistikken
Omgrep
- 
               Namn og emne 
- 
               Namn: Eksport av laks 
 Emne: Utenriksøkonomi
- 
               Neste publisering 
- 
               
- 
               Ansvarleg seksjon 
- 
               Seksjon for utenrikshandelstatistikk 
- 
               Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane 
- 
               Fersk eller kjølt oppalen laks 
 Gruppering av utvalde varenummer frå norsk tolltariffnomenklatur. Frå 1995-2011 varenummera 03.02.1201 og 03.02.1202. Frå 2012 varenummera 03.02.1411 og 03.02.1419.
 Detaljerte opplysningar om varenummer og endringar i tolltariffnomenklaturen finnast i Statistisk varefortegnelse for utenrikshandelen .
 Fryst oppalen laks
 Gruppering av utvalde varer frå norsk tolltariffnomenklatur: Frå 1995-2011 varenummera 03.03.2201 og 03.03.2202. Frå 2012 varenummera 03.03.1311 og 03.03.1319.
 Kilopris
 Gjennomsnittleg eksportpris per veke.Verdi 
 Statistisk verdi er verdien ved passering av norsk grense inklusive kostnadane i samanheng med å transportere varen dit, også kalla FOB-verdi (Free On Board). Toll, meirverdi- og andre avgifter inngår ikkje i den statistiske verdien.
 Mengde
 Nettovekt i tonn.
- 
               Standard klassifikasjonar 
- 
               Ingen standard varegruppering, men utvalde varenummer frå norsk tolltariffnomenklatur som byggar på den internasjonale toll- og statistikknomenklaturen, det Harmoniserte system. 
 Opplysningar finnast i Statistisk varefortegnelse for utenrikshandelen
 
Administrative opplysingar
- 
               Regionalt nivå 
- 
               Berre på nasjonalt nivå. 
- 
               Kor ofte og aktualitet 
- 
               Vekestatistikken blir publisert kvar onsdag kl. 08:00, men tidspunktet blir endra i veker der høgtider og offentlege fridagar fell i starten av veka. Kalenderen gjer opplysningar om tidspunkt for publisering. Tala er endelege. 
- 
               Internasjonal rapportering 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Lagring og bruk av grunnmaterialet 
- 
               Rådata og editerte mikrodata er lagra i samsvar med SSB sin standard for arkivering av filar (DataDok). 
Bakgrunn
- 
               Føremål og historie 
- 
               Følgje kvantum og pris i eksporten av oppalen laks. 
 Veketal for eksporten av laks er publisert kvar veke i åra 1996-2000 i Statistisk ukehefte. Fra år 2000 er statistikken publisert som ein eigen statistikk med tilhøyrande tabell i statistikkbanken.
- 
               Brukarar og bruksområde 
- 
               Fiskeri- og havbruksnæringa, overvaking av kvantum og prisar. 
- 
               Likebehandling av brukere 
- 
               Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane. 
- 
               Samanheng med annan statistikk 
- 
               Datagrunnlaget i vekestatistikken blir innarbeidt i førebels og endeleg månadsstatistikk for utanrikshandelen med varer, http://www.ssb.no/muh/ . I denne samanheng vil det kunne førekoma ytterlegare rettingar i data. 
- 
               Lovheimel 
- 
               Statistikklova, §§ 2-1, 2-2 og 3-2. 
- 
               EØS-referanse 
- 
               Ikkje relevant 
Produksjon
- 
               Omfang 
- 
               Tolldeklarerte vareparti under 1 000 kroner og visse type varebevegelsar (etter FN sine anbefalingar i International Merchandise Trade Statistics: Consept and Definitions 2010), holdast utanom statistikken. 
- 
               Datakjelder og utval 
- 
               Statistikken baserar seg på administrative oppgåver innhenta frå TVINN (TollVesenets Informasjonssystem med Næringslivet), som er eit elektronisk system for utveksling av tolldeklarasjonar mellom næringslivet og det norske tollvesenet. 
- 
               Datainnsamling, editering og beregninger 
- 
               Data frå tollvesenets TVINN-register blir overførde elektronisk til Statistisk sentralbyrå seks dagar i veka. 
 Opplysningar frå tolldeklarasjonar gjennomgår statistikkontrollar i Tollvesenets deklareringssystem (TVINN). Kontrollar over berekna pris, mengde og land er fastlagt av Tollvesenet i samråd med SSB.
 I SSB utføres kontrollar for ekstreme verdiar og logiske feil.
- 
               Sesongjustering 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Konfidensialitet 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Samanlikningar over tid og stad 
- 
               Det blir tatt omsyn til endringar i tolltariffnomenklaturen som gjeld oppdelingar av dei aktuelle vareslaga. For meir informasjon sjå avsnittet Omgrep-definisjoner av viktige begrep og variabler. 
Nøyaktigheit og pålitelegheit
- 
               Feilkjelder og uvisse 
- 
               Innsamlingsfeil kan skuldast mistydingar ved tolldeklareringa. Mogelege feil kan til dømes være bruk av urett varenummer (feilklassifisering) eller statistisk verdi som inneheld kostnader som ikkje skal medreknast. 
- 
               Revisjon 
- 
               Ikkje relevant