Nedgang i eksportprisen for fersk laks

Publisert:

I veke 13 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 58,95 kr/kg, ein nedgang på 3,8 prosent samanlikna med veka før.

Eksportkvantum for fersk laks i veke 13 enda på 15 676 tonn, 2,2 prosent høgare enn i veka før då volumet var 15 332 tonn.

I veke 13 i 2020 vart det eksportert 137 tonn frosen laks, og prisen var 53,30 kr/kg.

Det totale eksportvolumet til enkeltland svingar normalt ganske mykje frå ei veke til den neste. Auken frå veke 12 til veke 13 kjem i stor grad av oppgang i eksport til mottakarland som Nederland, Italia og Sverige. Samstundes hadde desse landa ein nedgang i veka før, frå veke 11 til 12.

I motsett fall har Polen hatt ein vesentleg nedgang ifrå veke 12 til veke 13. Polen hadde derimot ein vesentleg auke i førre veka, frå veke 11 til 12. Lakseeksporten til Kina har hatt ein jamn oppgang sidan veke 5. 

Figur 1. Eksportpris for fersk eller kjølt oppalen laks

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52
2018 58.52 57.28 55.46 56.96 56.86 54.69 56.52 62.20 65.16 67.57 67.94 65.12 71.75 71.50 68.21 67.32 66.79 71.16 75.40 76.09 73.71 66.17 61.34 65.00 61.70 58.25 58.55 55.40 55.14 56.07 57.44 57.33 53.62 52.99 57.43 62.60 62.10 60.28 59.15 57.93 58.49 58.95 57.77 59.07 57.37 55.90 53.84 55.76 59.50 58.87 58.20 65.15
2019 66.66 63.90 62.88 60.83 57.41 56.73 56.82 60.00 65.65 72.45 71.55 67.78 65.13 68.21 67.33 71.45 69.53 62.85 61.94 65.48 61.33 58.52 61.85 69.90 64.09 60.12 61.06 61.64 60.18 56.16 54.13 54.45 55.05 51.82 55.10 53.07 50.80 48.62 47.73 46.83 50.70 54.66 53.87 52.99 54.48 58.63 61.56 63.25 63.72 68.76 75.05 77.04
2020 78.20 77.63 76.38 75.53 70.25 65.56 64.49 68.42 72.80 67.74 66.17 61.29 58.95

Figur 2

Eksportkvantum for fersk eller kjølt oppalen laks

Kontakt