165503
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
165503
Fleire utanlandske deltakarar på kortkurs
statistikk
2014-04-09T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskolar (opphørt)2013

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske deltakarar på kortkurs

Talet på utanlandske deltakarar har gått opp med 270 personar det siste året, til i overkant av 1 350 deltakarar i 2013. Dette inneber ein auke på 24 prosent for denne gruppa. Rett nok har dei fleste landa færre deltakarar enn tidlegare, men Sverige har hatt ein kraftig auke.

Deltakarar på folkehøgskolar, kortkurs
AntallProsent
20132012 - 20132010 - 2013
I alt18 455-1,30,5
 
Menn
19 år eller yngre535-5,8-21,7
20-29 år1 0288,92,1
30-39 år67415,212,0
40-49 år9924,919,1
50 år eller eldre3 849-9,6-1,7
 
Kvinner
19 år eller yngre7824,7-23,2
20-29 år1 332-1,94,5
30-39 år991-1,3-3,6
40-49 år1 8645,70,9
50 år eller eldre6 408-1,9-4,6
Figur 1. Folkehøgskolar. Kortkurs. 2013. Deltakarar, etter alder og kjønn

Ser me bort frå Noreg, er det Sverige som har flest deltakarar på kortkursa til folkehøgskolane. Danmark og Russland, som i fleire år har toppa denne statistikken, har båe ein merkbar nedgang i deltakarar sidan 2012 : Danmark med 46 og Russland med 23 prosents reduksjon.

Stabile deltakartal og kjønnsfordeling

I 2013 tok 18 500 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Det er liten endring i talet på deltakarar på kortkurs frå eitt år til eit anna; samanlikna med 2012 har det vore ein svak nedgang på litt over 1 prosent. Når det gjeld fordelinga mellom kjønna, er det stabile tal: Det har vore i overkant av 60 prosent kvinner i fleire år.

Dei fleste som tek kortkurs, er i aldersgruppa 50 år eller eldre. Denne gruppa utgjer 55 prosent av alle deltakarane. Kvinner i aldersgruppa 40–49 år utgjer 10 prosent av studentane, og elles fordeler resten av deltakarane seg på mindre delar i dei ulike tiårs aldersgruppene me ser på her. Kvinnene er i fleirtal i alle aldersgruppene. Aldersfordelinga er omtrent den same som ho var året før. Unnataket er menn i alderen 50 år og eldre der det har vore ein nedgang på 10 prosent.

Flest i Nordland

Ser me på dei fylkesvise tala, hadde folkehøgskolane i Nordland i alt 2 090 deltakarar på kortkurs. Dermed toppar Nordland lista, slik fylket gjorde det føregåande året. I kvart av fylka Hordaland, Rogaland, Akershus og Vestfold var det mellom 1 000 og 1 750 deltakarar.

Estetiske fag og handverksfag framleis mest populære

Folkehøgskolane tilbyr eit bredt spekter av fagområde på kortkursa sine. Interessa for dei ulike faga varierer frå emne til emne. Det har likevel vore det same biletet i fleire år når det gjeld korleis deltakarane fordeler seg på fagområda. Estetiske fag og handverksfag er framleis dei mest populære emna og samla i alt 6 900 deltakarar i 2013. Av desse var 40 prosent kvinner i aldersgruppa frå 50 år og eldre. På realfag var det ingen deltakarar i 2013, medan det på samferdsels- og kommunikasjonsfag var berre 13 deltakarar, 7 av desse var menn.

Det er berre i emna naturbruk, økologi, miljøvern- og friluftslivsfag samt samferdsels- og kommunikasjonsfag at prosentdelen for menn er størst: respektive 60 prosent og 54 prosent.

Samfunnsfag samla om lag 2 400 deltakarar, medan humanistiske fag, trus- og livssynsfag hadde om lag 3 600 deltakarar. 3 000 valde helse-, sosial- og idrettsfag. Organisasjons- og styringsfag er òg eit populært emne, både hjå menn og kvinner, og hadde nær 1 100 deltakarar.