168042_not-searchable
/utdanning/statistikker/barnegenniv/aar
168042
Auka makspris frå Stortinget gav høgare barnehagesatsar i kommunane
statistikk
2014-06-24T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
barnegenniv, Foreldrebetaling i barnehagar, foreldrebetaling, barnehagesatser, private barnehager, offentlige barnehager, inntektsavhengig betaling, søskenmoderasjonKonsumpriser, Barnehager, Utdanning, Priser og prisindekser
false

Foreldrebetaling i barnehagar2014, januar

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka makspris frå Stortinget gav høgare barnehagesatsar i kommunane

Den gjennomsnittlege månadssatsen for eitt barn med fulltidsopphald i kommunal barnehage var 2 366 kroner i januar 2014. Dette talet gjeld for eit hushald med brutto årsinntekt på 500 000 kroner og inneber ein prisauke på 2,9 prosent frå 2013.

Barnehagesatsar. Hushaldets gjennomsnittlege månadlege eigenbetaling i kommunale barnehagar, etter inntektsnivå
Minimumssatsen250 000 kr375 000 kr500 000 krMaksimumssatsen
20141 5992 1872 2962 3662 394
20131 5642 1252 2582 2982 326
20121 5922 1452 2622 2972 324
20111 5732 0902 2292 2702 298
20101 5492 0792 2182 2622 292
20091 5962 1132 2652 2912 293
Figur 1. Maksimalgrense og gjennomsnittleg månadsbetaling ekskl. kost og andre tilleggsutgifter i kommunale barnehagar, etter årsinntekt og minimums-og maksimumssats. Januar 2014

Foreldrebetalingsundersøkinga per januar 2014 viser at månadssatsane har auka med rundt 3,0 prosent samanlikna med januar 2013. Auken kan ein sjå i samanheng med at maksprisen , etter eit stortingsvedtak, blei heva frå 2 330 til 2 405 kroner. Endringa gjeld frå 1. januar 2014. Gjennomsnittleg månadssats for fulltidsopphald for eitt barn i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 kroner var på landsbasis 2 187 kroner per januar 2014. Tilsvarande satsar for hushald med brutto årsinntekt på 375 000 og 500 000 kroner var høvesvis 2 296 og 2 366 kroner. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna, så langt dei kan identifiserast.

I gjennomsnitt var den kommunale minimumssatsen i januar 2014 1 599 kroner per månad, medan maksimumssatsen var 2 394 kroner.

Dei regionale ulikskapane held fram

Dei fleste kommunane som er registrerte med låge minimumssatsar, ligg på Sør-Austlandet, medan flest kommunar med høge minimumssatsar ligg i Midt- og Nord-Noreg. Hovudårsaka til denne ulikskapen er at inntektsgradert betalingsordning oftare vert nytta på Sør-Austlandet enn i Midt- og Nord-Noreg. Undersøkinga viser at 66 prosent av kommunane har innført ein maksimumssats som er lik maksprisen vedteken av Stortinget, på 2 405 kroner. Tar vi omsyn til den gamle maksprisen - på 2 330 kroner - rapporterer 97 prosent av kommunane at dei har lik eller høgare pris enn den tidlegare maksprisen.

I dei private barnehagane var gjennomsnittleg månadsbetaling for eitt barn 2 361 kroner i januar 2014. Dette utgjer ein auke på 2,4 prosent frå januar 2013. Kostpengar og tilleggsutgifter er ikkje inkluderte dersom dei er spesifiserte. 75 prosent av dei private barnehagane i utvalet opplyser at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett makspris på 2 405 kroner.

Kraftig auke i kostpengar

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kost kome i tillegg til månadsbetalinga. Når det vert berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er betalinga avhengig av kostpengar og andre utgifter, samt talet på betalingsmånader.

Rundt 97 prosent av dei kommunale barnehagane krev inn kostpengar separat. I januar i år betalte hushald med eitt barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 250 kroner i kostpengar per månad. Det er ein auke på 15 prosent frå januar 2013.

Om lag 87 prosent av dei private barnehagane krev inn kostpengar i tillegg til sjølve opphaldsbetalinga.

Inntektsgradering mest utbredt i folkerike kommunar

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i, eller fritak for, foreldrebetaling. Kommunane kan likevel sjølv avgjere om dei ynskjer å tilby inntektsgradert betalingsordning.

Rundt 24 prosent av kommunane opererer med eit system for inntektsgradering innanfor det ordinære betalingssystemet i barnehagen. Det er dei mest folkerike kommunane som nyttar inntektsgraderte betalingssatsar. Blant dei private barnehagane er det 27 prosent som rapporterer at dei nyttar inntektsgraderte satsar.

Søskenrabatt i alle kommunar

Resultata viser vidare at alle kommunane tilbyr søskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. I tillegg svarar 92 prosent av kommunane som har rapportert at dei har privat barnehagetilbod i kommunen, at dei private barnehagane har dei same moderasjonsordningane som dei kommunale.

Tala i artikkelen er henta frå rapporten Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2014.