56404_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/kvartal
56404
Stadig fleire busspassasjerar
statistikk
2012-01-17T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport3. kvartal 2011

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stadig fleire busspassasjerar

Kollektivbruken auka samla sett med over 6 prosent i 3. kvartal 2011, samanlikna med den same perioden året før. Av ein samla vekst på 6,8 millionar påstigingar skreiv 5 millionar seg frå busspassasjerar.

Tilbodet rekna i utkøyrd distanse, auka med 1,2 prosent i 3. kvartal 2011. Trass i dette og auken i passasjertalet sokk billettinntektene samla sett med snaue 25 millionar kroner. Busselskapa kunne bokføre ein billettinntektsauke på berre 3 prosent, sjølv om passasjertalet hadde ein oppgang på 7,8 prosent. I denne omgang gjev ikkje statistikken svar på om dette kjem av lågare takstar eller kortare reiser.

Tilbod og bruk av båt gjekk marginalt ned.

Sommarstengd Oslo S

Jernbaneverket stengde Oslo S for jernbanetrafikk i seks veker frå 28. juni 2011. Dette gav fall i trafikktala for både Flytoget og NSB. Likevel gjorde gode tal for både trikk og forstadsbanane at ein samla sett fekk ein passasjerauke på 4 prosent for skjenegåande kollektivtransport. Både tilbodet, rekna i togkilometer, og billettinntektene gjekk samstundes noko ned.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 3. kvartal 2011. 1 000. Førebels tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar Billettinntekter
2006  383 956        434 850        7 544 067
2007  398 927  440 440 8 542 026
2008  395 810  455 361 8 712 000
2009  400 278  473 459 9 307 570
2010  398 126  495 444 9 476 698
1. kvartal  102 718  130 022 2 272 132
2. kvartal 97 354  118 250 2 360 399
3. kvartal 94 474  112 061 2 384 340
4. kvartal  103 580  135 111 2 459 827
2011      
1. kvartal  105 457  141 210 2 474 522
2. kvartal 99 945  125 423 2 474 449
3. kvartal 95 612  118 850 2 359 609

Kollektivtransport

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skjener og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekker

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebels og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2011.

Tabeller: