21782_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/arkiv
21782
Fleire tar trikk og t-bane
statistikk
2010-12-17T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport2. kvartal 2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire tar trikk og t-bane

Samla kollektivbruk auka 1,3 prosent i 2. kvartal 2010, samanlikna med den same perioden året før. Absolutt heile passasjerveksten på om lag 1,5 million påstigingar skreiv seg frå skjenegåande trafikk.

Auken i bussbruk flata ut i fyrste halvpart av 2010, etter rekordåret 2009. Også passasjertalet for båt og jernbane var stabilt, medan trikk og t-bane samla sett hadde klar framgang. Tilbodet, rekna i utkøyrde kilometer, vart redusert med 8,3 prosent for passasjerbåtane og 2,5 prosent med buss, når ein samanliknar 2. kvartal 2010 med den same perioden året før. Togkilometertalet hadde ein auke på 2,5 prosent.

Nedgang i billettinntektene for bussnæringa

Passasjerauken med bane i 2. kvartal gav 56 millionar kroner i meirinntekter frå dei reisande, medan bussnæringa fekk ein nedgang i billettinntektene på 35 millionar kroner trass i stabile reisetal. Denne reduksjonen i gjennomsnittleg billettpris kan tyde på lågare billettakstar, eller at reisene med buss vart kortare.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 2. kvartal 2010. 1 000. Førebelse tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar Billettinntekter
2006  383 956  434 850 7 544 067
2007  398 927  440 440 8 542 026
2008  395 810  455 361 8 712 000
2009  400 278  473 263 9 104 241
1. kvartal  102 587  128 395 2 221 119
2. kvartal 99 171  113 636 2 297 347
3. kvartal 94 602  107 092 2 264 327
4. kvartal  103 918  124 140 2 321 448
2010      
1. kvartal  102 940  130 736 2 482 289
2. kvartal 97 138  115 125 2 320 272

Kollektivtransport

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekkjer

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebelse og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2010.

Tabeller: