21768_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/arkiv
21768
Kollektivauken held fram
statistikk
2009-11-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport2. kvartal 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kollektivauken held fram

Fyrste halvår 2009 gav ein passasjerauke på 12 prosent samanlikna med den same perioden året før. Skinnegåande trafikk hadde den største relative veksten, med heile 15 prosent, medan buss hadde størst stiging i passasjertal. Trass i dette var det berre ein liten auke i billettinntektene.

Det var 25,5 millionar fleire påstigingar på kollektive transportmiddel det fyrste halvåret i 2009 samanlikna med den same perioden i 2008. Vel 12 millionar av desse var passasjerar med bane, og snautt 14 millionar reiste med buss. Båtpassasjertalet gjekk tilbake med innpå 10 prosent, ein nedgang på om lag ein halv million passasjerar.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 2. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar Billettinntekter
2006  383 956  434 850 7 544 067
2007  398 927  440 440 8 542 026
       
2008  395 810  455 361 8 712 000
1. kvartal 97 523  111 343 2 111 704
2. kvartal 99 769  108 853 2 248 142
3. kvartal 94 812  109 454 2 156 340
4. kvartal  103 706  125 711 2 195 814
       
2009      
1. kvartal  101 998  129 826 2 196 569
2. kvartal 98 375  115 894 2 272 186

Svakare auke i billettinntektene

Trass i den sterke auken i passasjertalet frå 2008 til 2009 steig billettinntektene med berre 2,5 prosent, eller 109 millionar kroner. Auken var om lag like stor for buss som for bane, men billettinntektene for båt var uendra frå 2008.

Færre kilometer med bane

Køyrde kilometer er eit mål for kor stort tilbodet var, og bane hadde her ein nedgang på 3 prosent samanlikna med den fyrste halvparten av 2008. For båt var kilometertalet uendra, og buss hadde ein auke på vel 2 prosent.

Kollektivtransport

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skjener og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekker

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebelse, og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2009.

Tabeller: