21772_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kolltrans/arkiv
21772
Kollektiv opptur
statistikk
2009-07-22T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Transport og reiseliv
no
kolltrans, Kollektivtransport, buss, båt, jernbane, tog, trikk, t-bane, passasjerer, passasjerkilometer, vognkilometer, utkjørt distanse, togkilometer, billettinntekterLandtransport, Sjøtransport, Transport og reiseliv
false

Kollektivtransport1. kvartal 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kollektiv opptur

Med buss som lokomotiv auka passasjertalet på buss, båt og bane med heile 9 prosent i fyrste kvartal 2009, samanlikna med same perioden året før. Samla for dei fire siste kvartala var det ein gjennomgåande auke på om lag 6 prosent for alle transportformer, viser førebelse tal.

Med oppunder 11 millionar ekstra påstigingar på buss, var kvar niande passasjer å rekne som eit tilskot samanlikna med fyrste kvartal 2008. Det var ein marginal nedgang i påstigingstala for både båt og bane, men dette må sjåast i lys av ein sterk samla auke på over 8 prosent for begge desse transportformene i 2008, samanlikna med året før.

Utkøyrd distanse, passasjerar og billettinntekter. 1. kvartal 2009. 1 000. Førebels tal
  Utkøyrd distanse Passasjerar Billettinntekter
2006  383 956        434 850 7 544 067
2007  398 927  440 440 8 542 026
2008  400 909  457 879 8 806 506
1. kvartal 98 068  118 210 2 101 473
2. kvartal  100 521  105 361 2 248 910
3. kvartal 96 325  110 183 2 203 322
4. kvartal  105 996  124 125 2 252 801
       
2009      
1. kvartal  102 120  129 024 2 248 188

Auke i billettinntektene

Det strøymde 147 millionar fleire billettkroner til kollektivkassene i fyrste kvartal 2009 enn i 2008. Mesteparten av desse kom buss til gode, men også båt og bane, som hadde ein liten nedgang i passasjertala, fekk inn nokre ekstra kroner.

Fleire kilometer med buss og båt

Køyrde kilometer er eit mål for kor stort tilbodet var, og både buss og båt hadde her ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med fyrste kvartal 2008. Nivået var uendra for bane.

Kollektivtransport er her all rutegåande transport med buss, på skinner og med passasjerbåtar. Fly, drosje, bilferjer og Hurtigruta er ikkje med.

Usikre tidsrekker

Både buss- og båtsektoren har vore prega av store strukturendringar, kontraktsmessige og teknologiske endringar dei siste åra. Anbodsutsetjing, bruttokontraktar og elektronisk billettering har gjeve meir usikre endringstal for tilbod og etterspørsel av kollektivtransport.

Tala er førebelse, og kan bli justerte i samband med avstemming mot årsskjema for 2008 og 2009.

Tabeller: