53546_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
53546
Dobla fart på fiberbreiband
statistikk
2011-09-28T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Dobla fart på fiberbreiband

Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 10,4 Mbit/s i 2. kvartal 2011. Auken kjem i hovudsak av at dei fleste av fibernettleverandørane har dobla den lågaste hastigheita dei tilbyr.

Overføringskapasitet for private breibandsabonnement. Medianverdi og gjennomsnitt. Mbit/s. 3. kvartal 2004-2. kvartal 2011

Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 7,4 til 10,4 Mbit/s. Det er største auken i gjennomsnittleg hastigheit på eit kvartal nokon gong. Medianverdien for private breiband har også auka, frå 5,3 til 5,7 Mbit/s. Når auken i medianverdien er mykje mindre, har det si årsak i at fibernettkundane allereie låg klårt over medianverdien før den siste auken i hastigheit.

Delen av dei private breibandsabonnementa med hastigheit over 8 Mbit/s var 37 prosent i 2. kvartal 2011. Dette er ein auke frå 34 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 20 prosent, ein auke frå 18 prosent i 1. kvartal 2011.

I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband, med 58 prosent av alle abonnementa i fylket over 8 Mbit/s.

60 000 fleire med fast tilgang på eitt år

Breibandsabonnement fordelte etter marknad. 3. kvartal 2002-2. kvartal 2011

Det var 1 754 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 2. kvartal 2011. Dette er ein auke på 60 000 i høve til same periode i 2010, og ein auke på 17 000 abonnement samanlikna med førre kvartalet. Heile auken gjeld private abonnement. Bedriftsmarknaden har samla gått ned med om lag 1 000 abonnement det siste året. Av breibandsabonnementa var 1 602 000 private, medan bedriftsmarknaden hadde 152 000 abonnement.

Akershus og Oslo med flest breibandsabonnement i hushalda

Talet på private breiband i høve til hushalda var 73 prosent for heile landet i 2. kvartal i 2011. Dette er 1 prosent meir enn i det førre kvartalet. Auken frå 2. kvartal i 2010 er på 2 prosent. Akershus og Oslo er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med omlag 78 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 59 prosent.

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 2. kvartal 2011. Kommunar

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane sin sentralitetskode. 2. kvartal 2011
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar  128 359 64
Mindre sentrale kommunar 88 344 69
Noko sentrale kommunar  261 706 70
Sentrale kommunar 1 123 640 75
1  Sentralitet 2008, Kommuner 2008.

Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement

Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 75 prosent. Til samanlikning har 64 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.

Kommunar med flest private breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2011 i høve til hushalda
Kommunar Breibandsabonnement i prosent av husholda
Landsgjennomsnitt 72,8
0941 Bykle  184,1
0215 Frogn  104,0
1018 Søgne 96,4
0926 Lillesand 95,4
1232 Eidfjord 94,8
1046 Sirdal 94,4
1640 Røros 92,2
0213 Ski 91,9
0544 øystre Slidre 91,0
1121 Time 90,2
0521 øyer 89,2
0216 Nesodden 88,1
1241 Fusa 88,1
1151 Utsira 86,8
0230 Lørenskog 86,3
1252 Modalen 85,5
0217 Oppegård 84,2
1563 Sunndal 84,2
1601 Trondheim 83,9
0214 ås 83,7
0520 Ringebu 82,4
0834 Vinje 82,3
1246 Fjell 82,0

Om datagrunnlaget

Dei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit.

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige, leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2011 er brukt i denne statistikken.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ".

For meir informasjon , sjå Om statistikken .

Tabeller: