Nærmare 2 millionar faste private breiband i Noreg

Publisert:

Det var 1 976 000 private breiband i Noreg første kvartal 2017, ein auke på 62 000 det siste året. Eit typisk privat breiband er 23 prosent raskare enn for eit år sidan.

 

I første kvartal 2017 var det 2 105 000 faste breibandsabonnement i landet, inkludert 128 000 bedriftsbreiband. Talet på faste breiband har auka med 58 000 det siste året, og 7000 sidan førre kvartal.

Det var 84 private breiband per 100 hushald i første kvartal 2017, mot 83 i første kvartal 2016. Dekningsgraden er størst i Oslo med 92 prosent, og minst i Finnmark med 74 prosent.

Private breiband og dekningsgrad

Dekningsgraden i undersøkinga er eit estimat, og ikkje nødvendigvis den nøyaktige prosentdelen av hushald med breiband. Den er rekna ut frå talet på private breiband delt på talet på hushald, multiplisert med 100.

Det finst faktorar som kan gjere den utrekna dekningsgraden ulik faktisk dekningsgrad. Til dømes finst det breibandsabonnement tilknytta hytter, som ikkje vert rekna som hushald. Det gjer at fleire «hyttekommunar» får ein dekningsgrad på over 100. I motsett retning kan enkelte hushald tenkast å ha tilgang til breiband utan å ha eit eige breibandsabonnement.

Figur 1

Breibandsabonnement, fordelt etter marknad

Medianhastigheita på private breiband er no over 30 Mbit/s

Eit typisk privat breiband i Noreg var i første kvartal 2017 31,5 Mbit/s. Medianverdien for hastigheita til private breiband gjekk opp frå 27,7 Mbit/s i førre kvartal, og 25,6 Mbit/s for eit år sidan. I fjerde kvartal 2016 hadde hastigheita på private faste breiband nidobla seg dei siste åtte åra.

Medianhastigheita for bedriftsbreiband er 15,1 Mbit/s i første kvartal 2017, opp frå 12,0 Mbit/s i første kvartal 2016. Gjennomsnittshastigheita har hatt ein kraftig auke sidan førre kvartal, til 59,5 Mbit/s for private breiband og 38,5 Mbit/s for bedriftsbreiband. Dette skuldast delvis ei endring i hastigheitskategoriane i undersøkinga, noko som gjer at ein ikkje kan samanlikne gjennomsnittshastigheita direkte med tidlegare perioder. Medianverdien er ikkje påverka av dei nye grensene.

Ny hastigheitsinndeling påverkar gjennomsnittshastigheita

1. kvartal 2017 fekk undersøkinga nye hastigheitskategoriar, for å ta høgde for stadig raskare breiband. Dette gjer at gjennomsnittshastigheita frå 1. kvartal 2017 ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Den gamle inndelinga fanga ikkje tilstrekkeleg opp dei svært raske breibanda, som har kome gradvis dei siste åra.

Mellom 4. kvartal 2016 og 1. kvartal 2017 vart fire av dei lågaste hastigheitskategoriane slått saman til éin kategori (128 kbit/s til 4 mbit/s) og det vart lagt til tre nye kategoriar over den som tidlegare var raskast (128 Mbit/s og opp).

Eit breibandsabonnement på 1000 Mbit/s ville tidlegare hamna i same kategori som eit abonnement på 150 Mbit/s og fått same verdi i hastigheitsberekninga vår. No kjem førstnemnte abonnement to kategoriar over, og får ein meir korrekt verdi i hastigheitsberekninga.

Medianhastigheita blir ikkje påverka av ekstremt raske breiband på same måte som gjennomsnittshastigheita, og endringa i inndeling av hastigheit får ingen effekt. For å finne det «typiske» breibandet i Noreg, er medianhastigheita difor eit betre mål.

Figur 2. Overføringskapasitet for breibandsabonnement, etter marknad

Gjennomsnitt private Median private Gjennomsnitt bedrifter Median bedrifter
1. kv. 2005 1.0 0.7
2. kv. 2005 1.3 0.8
3. kv. 2005 1.4 0.8
4. kv. 2005 1.5 0.9
1. kv. 2006 1.6 1.0
2. kv. 2006 2.1 1.6
3. kv. 2006 2.2 1.7
4. kv. 2006 2.9 2.1
1. kv. 2007 3.0 2.1
2. kv. 2007 3.3 2.2
3. kv. 2007 3.5 2.3
4. kv. 2007 3.8 2.5
1. kv. 2008 3.9 2.6
2. kv. 2008 4.1 2.7
3. kv. 2008 4.3 3.0
4. kv. 2008 5.0 3.3 4.1 1.8
1. kv. 2009 5.4 3.5 4.2 1.8
2. kv. 2009 5.5 3.4 4.0 1.9
3. kv. 2009 5.7 3.5 4.1 1.9
4. kv. 2009 5.9 3.6 5.6 3.3
1. kv. 2010 6.1 3.7 6.1 3.4
2. kv. 2010 6.3 3.9 6.1 3.4
3. kv. 2010 6.6 4.1 6.4 3.5
4. kv. 2010 6.8 4.5 6.6 3.6
1. kv. 2011 7.4 5.3 7.1 3.7
2. kv. 2011 10.4 5.7 7.4 3.8
3. kv. 2011 10.7 6.0 7.7 3.9
4. kv. 2011 11.4 6.7 8.4 4.1
1. kv. 2012 12.8 7.2 9.1 4.4
2. kv. 2012 13.5 7.4 9.9 4.7
3. kv. 2012 14.8 7.9 10.3 4.9
4. kv. 2012 15.6 8.6 11.0 5.3
1. kv. 2013 16.5 9.1 11.5 5.5
2. kv. 2013 16.9 9.6 12.3 5.8
3. kv. 2013 17.7 9.2 12.0 4.5
4. kv. 2013 18.4 10.2 13.3 5.5
1. kv. 2014 19.2 11.1 14.3 6.1
2. kv. 2014 23.1 17.8 15.1 6.6
3. kv. 2014 26.7 18.9 16 7.1
4. kv. 2014 28.3 20.4 16.8 7.7
1. kv. 2015 29.9 21 18.2 8.6
2. kv. 2015 31.5 22.8 19.1 9.5
3. kv. 2015 33.3 24.4 20.4 10.4
4. kv. 2015 34.6 24.9 21.6 11.2
1.kv. 2016 40.2 25.6 22.9 12.0
2. kv. 2016 43.0 26.3 24.5 13.0
3. kv. 2016 44.8 26.9 25.2 13.4
4. kv. 2016 47.0 27.7 26.6 14.3
1. kv. 2017 59.5 31.5 38.5 15.1

Rogaland framleis raskast

Den høgaste medianhastigheita for private breiband er i Rogaland, noko som har vore tilfelle sidan hastigheitsmålingane starta i 2008. I første kvartal er den 47,8 Mbit/s, mot 44,5 Mbit/s i førre kvartal. Det jamne breibandsabonnementet er også raskt i Oslo og Nord-Trøndelag, med 38,9 Mbit/s.

Innlandsfylka Hedmark og Oppland er i motsett ende, der eit typisk privat breibandsabonnement er på 18,9 Mbit/s. Dersom å strøyme ei HD-sending krev omtrent 5 Mbit/s, betyr det at eit typisk abonnement i Oppland og Hedmark klarer tre HD-sendingar samtidig. Eit vanleg abonnement i Rogaland ville derimot klare ni sendingar samtidig, og framleis ha kapasitet til overs.

Figur 3

Figur 3. Medianhastigheit for private breiband, etter fylke. 1. kvartal 2017

Kontakt