84096
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
84096
Færre barn i barnevernsinstitusjonar
statistikk
2012-09-13T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2011

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre barn i barnevernsinstitusjonar

Frå 2010 til 2011 var det ein nedgang på nesten 7 prosent i talet på barn i barnevernsinstitusjonar. Likevel var det totalt sett ein oppgang på meir enn 2 prosent i talet på alle barn med tiltak frå det statlege barnevernet. På slutten av 2011 dreidde dette seg i alt om 5 800 barn.

Ved slutten av 2011 var det 1 200 barn i barnevernsinstitusjonar og 970 barn med hjelpetiltak i heimen. Dette er ein nedgang på høvevis 7 og 8 prosent. Trass denne nedgangen var det i denne perioden ein oppgang i talet på barn i det statlege barnevernet på over 2 prosent. Noko av årsaka til denne oppgangen frå 2010, er ein vekst på i overkant av 9 prosent i talet på barn i fosterheimar i statleg regi. Ved slutten av 2011 var meir enn 5 800 barn i det statlege barnevernet. Det vil seie at 4,6 av 1 000 barn i alderen 0 til 19 år tok i mot eit statleg barnevernstiltak.

Fosterheimar stadig meir dominerande

Av dei om lag 5 800 barna som hadde tiltak frå statleg barnevern ved slutten av 2011, var nesten 63 prosent, tilsvarande 3 640 barn, i fosterheim i statleg regi. Nærare 21 prosent, 1 200 barn, var i barnevernsinstitusjonar og om lag 17 prosent, tilsvarande 970 barn, hadde hjelpetiltak i heimen. Denne fordelinga har endra seg noko frå 2010, og det heng saman med at fosterheimar har auka sin del frå 59 prosent til 63 prosent.

 

Heilt frå fyrste publisering av Statres Barnevern i 2004 har det vore eit mønster at fosterheimar får ein stadig meir dominerande stilling i det statlege barnevernet. I 2004 stod barn i fosterheim for om lag 43 prosent av alle barn i det statlege barnevernet, medan talet i 2011 var 63 prosent. Dette mønsteret kjem også klårt fram om vi ser på veksten i talet på barn i barnevernet ved slutten av året. Frå 2004 til 2011 har fosterheim hatt ein vekst på heile 95 prosent medan institusjonar har hatt ein nedgang på 26 prosent. Samstundes har tiltak i heimen auka med om lag 11 prosent.

Tiltaka i det statlege barnevernet omfattar både offentlege og private institusjonar. Fosterheim i statleg regi inneber til dømes fosterheim med forsterkning, familieheim, beredskapsheim, ungdomsfamiliar og § 4-27 plasseringar. Heimebaserte tiltak er til dømes familierettleiing, multisystemisk terapi (MST) og ”parental monitoring training oregon” (PMTO).

 

Opphaldsdagar er talet på dagar eit barn er i barnevernstiltak i eit år. Eit barn kan ha opphaldsdagar i fleire ulike barnevernstiltak.

 

Einingskostnad er i SSB si publisering utgifter per opphaldsdag for dei ulike tiltaka i det statlege barnevernet. Dette reknast ut ved å ta eigenproduksjon og overføringar til private delt på talet på opphaldsdagar.

Talet på opphaldsdagar minskar

Talet på opphaldsdagar var i 2011 på noko i underkant av 1,1 millionar. Dette er ein nedgang frå 2010 på under 3 prosent, og står i kontrast til 2 prosent auke i talet på alle barn i det statlege barnevernet. Det var berre opphaldsdagar i barnevernsinstitusjonar som minska. Nedgangen var noko mindre enn 9 prosent, og minka til totalt om lag 441 900 opphaldsdagar. For fosterheimar er talet på opphaldsdagar tilnærma likt i både 2010 og 2011, medan det derimot er meir enn 7 prosent oppgang for tiltak i heimen.

Statleg barnevern kostar 5,8 milliardar kroner

I 2011 var dei totale utgiftene til det statlege barnevernet meir enn 5,8 milliardar kroner. Dette er ein vekst på i underkant av 5 prosent, eller 255 millionar kroner frå 2010. Det er særleg utgiftene til fosterheimar som har auka, med ein vekst på 160 millionar kroner, eller nærare 12 prosent.

Utgiftene per opphaldsdag veks

I 2011 var den gjennomsnittlege utgifta per opphaldsdag i statlege barnevernstiltak på meir enn 5 010 kroner. Det er ein oppgang på meir enn 6 prosent frå året før. Den mest synlege veksten i utgiftene per opphaldsdag frå 2010 var i kjøp frå private barnevernsinstitusjonar. Her auka prisane på opphaldsdagar med nesten 14 prosent, og var i 2011 om lag 6 730 kroner. Ser ein på dei lange linjene, frå 2004 til 2011, har det vore ein markant vekst i utgifter per opphaldsdag. I gjennomsnitt auka utgiftene i denne perioden med meir enn 38 prosent. Samtidig var det ein auke på utgiftene per opphaldsdag i fosterheim på 76 prosent og 81 prosent for institusjonar. For tiltak i heimen var det i same periode berre ein auke på 5 prosent.

Talet på årsverk auka meir enn 5 prosent

I 2011 var det i overkant av 4 600 avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i det statlege barnevernet. Det er ein auke frå året før på meir enn 5 prosent, eller over 230 årsverk. Utgiftene til løn var i 2011 totalt på noko over 2,9 milliardar kroner, ein oppgang på om lag 3 prosent sidan 2010.

Kommunalt, statleg og privat barnevern

Kommunane tek imot meldingar om barn med behov for tiltak, og sett i verk eigne tiltak (hjelpetiltak og omsorgstiltak). Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet, som mellom anna står for drifta av barnevernsinstitusjonar og som kjøper plassar i dei private institusjonane. Fagteam er bindeleddet mellom Bufetat og kommunane. SSB sin barnevernsstatistikk består av ein kommunal del og ein statleg del (StatRes Barnevern) og ein institusjons del .

Det statlege barnevernet

Det statlege barnevernet omfattar fosterheimar, barnevernsinstitusjonar, hjelpetiltak i heimen og fellestenester. I fellestenestene inngår blant anna utgifter til fagteam, regionale fellestenester og saksbehandling ved adopsjon.

 

Frå 2008 overtok Bufetat ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år frå UDI. Utgifta til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er ikkje inkludert under utgifter til statlege barnevernstiltak, men du finn utgifta i Statistikkbanken under tiltaket omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. I 2011 var utgiftene om lag 300 millionar kroner for dette tiltaket.