13414_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13414
Fleire tilsette i barnevernet
statistikk
2010-07-06T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
true

Barnevernspersonell2009

Innhald

Publisert:

Fleire tilsette i barnevernet

Det var i alt 3 415 årsverk i det kommunale barnevernet ved utgangen av 2009. Dette er vel 121 fleire årsverk enn året før og ein auke på 3,7 prosent. Veksten i talet på årsverk var dermed på same nivå som i 2008.

Årsverk i barnevernstenesta per 31. desember per 1 000 innbyggjarar 0-17 år, etter fylke. 2008 og 2009

I høve til innbyggjarar under 18 år har talet på årsverk auka frå 3,0 per 1 000 barn i 2008 til 3,1 i 2009.

Store skilnader mellom fylka

Det er dei tre nordlegaste fylka og Oslo som har flest tilsette i høve til innbyggjarar. I desse fylka er det mellom 3,7 og 4,0 tilsette per 1 000 barn. Lågast bemanning er det i Akershus, Aust-Agder og Sogn og Fjordane, med 2,6 tilsette per 1 000 barn.

Hedmark hadde den største veksten i talet på tilsette, med 11 prosent i 2009. Deretter følgde Hordaland og Nord-Trøndelag med 9 prosent vekst. I Telemark, Sør-Trøndelag og Troms var det ei negativ utvikling i talet på tilsette i 2009.

Fleire barnevernspedagogar og sosionomar

I det kommunale barnevernet er dei fleste tilsette anten barnevernspedagogar eller sosionomar. I 2009 utgjorde desse yrkesgruppene høvesvis 46 og 33 prosent av alle tilsette. Det var også desse to gruppene som voks sterkast i 2009, med 6 prosent auke for sosionomar og 5 prosent fleire barnevernspedagogar. Også talet på tilsette med anna høgskule-/universitetsutdanning auka, med 2 prosent. Talet på tilsette med kontorutdanning heldt seg uforandra frå 2008 til 2009, medan talet på ufaglærte gjekk ned med 25 prosent.

Stadig fleire ledige stillingar

Ved utgangen av 2009 var talet på ledige stillingar - målt i årsverk - 134, mot 127 året før. Ikkje sidan 1993 har så mange stillingar vore ledige i barnevernet.

Tabeller: