13388_om_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13388_om
statistikk
2010-07-06T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
true

Barnevernspersonell2009

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Barnevernspersonell
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Utdanning

Statistikken har følgjande utdanningskategoriar: sosionomar, barnevernspedagogar, anna høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Ledige stillingar

Ei stilling blir definert som ledig dersom den har stått ledig fire månader eller lengre.

Vikariater

I samband med vikariater er det vikaren si utdanning ein skal registrere, ikkje utdanninga til den som har permisjon.

Organisering

Ein skal her velge det alternativet som passar best (prekoda svaralternativ). Hovedskillet går mellom barnevern organisert innafor sosialkontoret, eller som eigen etat/kontor.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tal på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken kjem ut ein gong i året.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

SSB har årgangsfiler og filforklaringar.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikk over personell i sosialkontortenesta, som er ein summarisk statistikk, blei fyrste gong innsamla i 1984. Det var fyrst i 1991 at tilsette i barnevernet blei skilt ut under nemninga av desse personar til barnevernsarbeid. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og frå no registrerer ein stillingar etter utdanning omrekna til heile stillingar, og i tillegg talet på ledige stillingar per 31.12. I dag blir opplysningar om tilsette samla inn på to ulike skjema, eit for barneverntenesta og eit anna for sosialkontortenesta, sjøl om mange tilsette arbeider både med barnevern og sosialhjelp. Opplysningar om organisering og samarbeid blei fyrste gong publisert i 1993.

Brukarar og bruksområde

Brukarar: Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, fylke og kommunar, granskingsinstitusjonar, presse, studentar innan helse- og sosialfag.

Bruksområde: Offentleg planlegging, gransking og utgreiing, utdanning og offentleg debatt.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Opplysningane blir henta inn av Barne- og familiedepartementet med heimel i lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 (BVL), §2-3. Statistisk sentralbyrå står for sjølve innsamlinga av oppgåvene og i medhald av statistikklova av 16. juni 1989 §3-2 nyttar vi dei til produksjon av offisiell statistikk.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Registreringa av personellinnsats, organisering og samarbeid i det kommunale barnevernet, byggjer på eitt skjema som skal sendast inn ein gong i året. Når det gjeld organisering og samarbeid, byggjer dataene på ei enkel avkryssing på eit skjema med prekoda svaralternativ. Data over tilsette er knytt til teljedatoen 31. desember.

Datakjelder og utval

Dataene kjem frå den kommunale barneverntenesta.

Ikkje utval. Alle kommunar sender inn oppgåver, og opplysningar om alle tilsette skal registrerast.

Datainnsamling, editering og beregninger

Kommunane sender inn eit registreringsskjema ein gong i året (frist 15. februar). For KOSTRA-kommunar vert data no overførte elektronisk og registrerte på elektroniske skjema.

Utfylling av eit elektronisk skjema for ein som kjenner barneverntenesta vil truleg ta ca. 5 min.

Kontroll av data byggjer på ei jamføring med tal på tilsette frå året før.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

I perioden 1984-1990 fins det ikkje tal for tilsette i den kommunale barneverntenesta. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og registreringa av personell er ikkje blitt nemneverdig endra etter dette. Det er difor ingen brot i tidsserien over tilsette i barnevernet.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Dei feil og manglar som kjem til syne når ein jamfører med fjorårstalla vil ein freista å få retta opp ved kontakt med den kommunale barneverntenesta.