Familiar med dårleg råd prioriterer barna

Publisert:

Endret:

Kvar tredje barnefamilie med vedvarande lavinntekt rapporterar at barna manglar materielle eller sosiale gode av økonomiske årsaker. Men mykje tyder på at foreldre i dei utsette familiane prioriterer barna.

Det viser tal frå rapporten «Materielle og sosiale mangler i den norske befolkningen».

Ser ein på alle hushald med barn, er det 7 prosent som opplever at barna manglar materielle eller sosiale gode fordi familien ikkje har råd til dei. Barn som veks opp i økonomisk utsette familiar, opplever først og fremst at dei ikkje har dei same sosiale goda som andre barn. Fritidsaktivitetar, skoleaktivitetar og ferie skil seg ut i desse familiane.

– Det er ikkje vanleg med manglar blant barn i Noreg. Då må me rekne med at dei som faktisk manglar gode, opplever det som ekstra vanskeleg, seier seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå, Lotte Rustad Thorsen.

Foreldre prioriterer barna

Medan 3 prosent av vaksne med barn oppgjev at dei ikkje har råd til nye klede, seier under 1 prosent at dei ikkje har råd til klede til barna. 5 prosent av foreldra har ikkje råd til ei vekes ferie, medan 2 prosent svarer at barna ikkje kan dra på ferie. Blant einslege forsørgjarar er forskjellen større: 7 prosent av barna, og 18 prosent av foreldra kan ikkje dra på ferie på grunn av økonomi. Dette kan tyde på at foreldra prioriterer barna.

I rapporten har ein sett på fleire ulike typar gode, og dei er delte opp i grunnleggjande gode, forbruksgode og sosiale gode. Dei sosiale goda som er kartlagde for barn i undersøkinga, er om barna kan delta regelmessig i fritidsaktivitetar, ha bursdagar og liknande markeringar, invitere vener heim for å leike eller ete og reise på ferie i éi veke i året.

– Fattigdom er komplekst

Berre 1 prosent av barna har ikkje bursdagsfeiring eller liknande markeringar, og 0,4 prosent fordi dei ikkje har råd.

– I hushald med låginntekt er det 5 prosent som seier at dei ikkje har bursdagsmarkeringar for barna, seier Thorsen.

Blant barnefamiliane som mottek sosialhjelp, seier 59 prosent at barna ikkje manglar nokon gode på grunn av økonomi. 25 prosent rapporterer om éin mangel, medan 15 prosent rapporterer at barna i familien manglar to gode eller meir.

– Fattigdom er eit komplekst problem, og analysane våre viser at eitt mål ikkje er nok for å fange opp kompleksiteten. Dette viser kor viktig det er med både objektive inntektsmål og sjølvrapporterte fattigdomsproblem, forklarer rådgjevar Mari Lande With.

Sosialhjelpsmottakarar mest utsette

– Gjennomgåande er det slik at personar med låginntekt, låg utdanning, einslege forsørgjarar, mottakarar av sosialhjelp og innvandrarar i langt større grad opplever manglar enn andre i befolkninga, seier With. Det er også i desse gruppene vi finn barna som oftast manglar gode.

  • Blant sosialhjelpsmottakarane er det 44 prosent av dei vaksne som manglar minst eitt grunnleggjande gode, og 24 prosent manglar minst to.
  • Meir enn kvar tredje arbeidsledige manglar eitt eller fleire grunnleggjande gode, og det same gjeld for kvar fjerde langtidssjuke.

– I dei fleste gruppene er tannlegebehandling det grunnleggjande godet flest ikkje har råd til, etterfølgt av nye klede og kjøt- og fiskemiddagar, seier Mari Lande With i SSB.

Om rapporten

Føremålet med rapporten er å belyse fattigdomsproblem i befolkninga med utgangspunkt i korleis folk sjølve opplever den økonomiske og materielle situasjonen sin.

 

Datagrunnlaget er henta frå Levekårsundersøkinga EU-SILC. Dette er ei årleg undersøking som kvart år dekkjer ei rekke faste tema. Sidan 2014 inngår spørsmål om materielle og sosiale manglar årleg i undersøkinga. I 2014 blei det i tillegg inkludert spørsmål om barns materielle og sosiale manglar som følgje av økonomiske vanskar til hos barnefamiliar med barn i alderen 1-15 år.

 

Kvar årgang av levekårsundersøkinga EU-SILC utgjer ei representativ tverrsnittsundersøking. Levekårsundersøkinga vert gjennomført som telefonintervju. Til undersøkinga blir eit utval av personar i alderen 16 år og over, busett i Noreg, og som ikkje bor i institusjon, trekt ut.

 

 

Kontakt