32342_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32342
Svak auke i KPI
statistikk
2008-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. august 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak auke i KPI

KPI steig med 0,1 prosent frå juli til august 2008. Det var prisauke på elektrisitet som medverka mest. Frå august 2007 til august 2008 gjekk KPI opp med 4,5 prosent. KPI-JAE auka med 2,8 prosent dei siste tolv månader.

Konsumprisindeksen. 1998 = 100

Konsumprisindeksen (KPI) var 123,1 (1998=100) per august 2008 mot 117,8 i same månad i fjor. Dette svarte til ein tolvmånadersvekst på 4,5 prosent i august, mot 4,3 prosent i juli. Tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,8 prosent i august 2008 mot 2,9 prosent i juli. Frå juli til august 2008 falt KPI-JAE med 0,1 prosent.

Prisauke på elektrisitet

Prisauken på elektrisitet var den viktigaste faktoren til at KPI steig med 0,1 prosent frå juli til august. Det var sterke oppgangar i prisane på kontraktstypane standard variabel kraft og spottpris som førte til at elektrisitet inkludert nettleige auka med 9,0 prosent. Prisutviklinga på nokre tenester medverka også til auken i KPI. Prisar på hotelltenester steig med 8,9 prosent frå juli til august, medan tannlegetenester steig med 2,6 prosent.

Det var mange komponentar som dempa auken i KPI. Prisane på klede og sko viste nedgang på 1,4 prosent, dette var i all hovudsak knytt til tilbodsaktivitet. Matvarer og alkoholfrie drikkevarer viste ein prisnedgang på 0,8 prosent. Det var ein brei nedgang i prisane, men delar av fallet kan også forklarast av sesongmessige svingingar og kampanjetilbod på enkelte varer. Prisane på drivstoff og smørjemidlar samt transporttenester viste ein nedgang frå førre månad. Prisfallet for transporttenester var i hovudsak knytt til billigare kollektivtransport i Oslo og ein nedgang i prisar på flyreisar.

Kraftig tolvmånadersvekst i KPI

KPI steig med 4,5 prosent frå august 2007 til august 2008. Prisane på elektrisitet inkludert nettleige var framleis den viktigaste faktoren til å halde tolvmånadersveksten oppe, då dei steig med 44,3 prosent. På dei siste tolv månadene har kraftprisane nær dobla seg, medan nettleige bare har hatt ein moderat auke i same periode. Drivstoff og smørjemidlar har auka med 12,0 prosent frå august i fjor, medan prisar på flyreisar har auka med 6,0 prosent dei siste tolv månadene. Andre komponentar som medverka til auken i KPI var prisane for hotelltenester og personleg pleie.

Dei siste tolv månadene var det særleg prisane på audiovisuelt utstyr og klede som medverka til å dempe veksten i KPI. For audiovisuelt utstyr fall prisane med 10,1 prosent, medan prisane på klede viste ein nedgang på 5,7 prosent.

Liten auke i tolvmånadersveksten

Tolvmånadersveksten i KPI auka med 0,2 prosentpoeng, frå 4,3 prosent i juli til 4,5 prosent i august. Dette var knytt til ein kraftig prisauke på elektrisitet frå juli til august i år. I fjor fall prisane på elektrisitet i same periode.

Nye vekter og varer i KPI

Vektene i KPI blir reviderte i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2008 til juli 2009 er vektene baserte på forbruksundersøkingene i 2005, 2006 og 2007 . Utvalet av varer og tenester i KPI blir også grundig reviderte i august kvart år.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2008-
juli 2009
August 2008 Juli 2008-
august 2008
August 2007-
august 2008
Januar-august 2007-
januar-august 2008
KPI totalindeks 1 000,0  123,1 0,1 4,5 3,6
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  111,8  118,1 -0,8 3,9 3,8
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 26,8  137,0 0,1 4,7 3,4
Klede og skotøy 59,1 58,4 -1,4 -4,6 -3,4
Bustad, lys og brensel  295,0  148,4 1,2 8,6 6,8
Møblar og hushaldsartiklar mv. 63,3  103,2 -0,2 3,6 3,0
Helsepleie 27,4  142,9 0,8 3,0 3,4
Transport  178,8  133,3 -0,7 4,6 4,1
Post- og teletenester 20,9 81,0 0,1 -0,1 -5,8
Kultur og fritid  120,2  110,1 -0,1 2,0 1,1
Utdanning 2,7  150,9 - 1,4 1,4
Hotell- og restauranttenester 34,4  141,2 1,6 4,7 5,1
Andre varer og tenester 59,6  128,3 0,2 3,9 3,4
           
KPI-JE    118,1 -0,1 2,6 2,3
KPI-JA    120,2 0,1 4,6 3,7
KPI-JAE    115,3 -0,1 2,8 2,3
KPI-JAE sesongjustert    115,8 0,2    

Sjå andre lenkar:

Ny metode for bøker i KPI

Små endringer i barnehagetakstene