32368_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32368
Kraftig prisauke på energivarer
statistikk
2007-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig prisauke på energivarer

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 1,6 prosent frå oktober til november 2007. Høgare prisar på energivarer var det klart viktigaste tilskotet til den kraftige oppgangen. Dei siste tolv månadene har KPI auka med 1,5 prosent. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) steig med 1,5 prosent siste tolv månader.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

KPI var 120,8 (1998=100) per november 2007, mot 119,0 i november 2006, noko som svarar til ein auke på 1,5 prosent. I oktober var tolvmånadersendringa negativ med 0,2 prosent. Dei siste tolv månadene har KPI-JAE auka med 1,5 prosent.

Stor oppgang i energiprisane

Prisane på energivarer steig kraftig den siste månaden og var det klart viktigaste bidraget til auken i KPI på 1,6 prosent. Prisane på elektrisitet, inkludert nettleige, steig med 29,3 prosent frå oktober til november, og ein må tilbake til januar 2003 for å finne ei tilsvarande månadsauke. Også priser på andre energivarer steig, til dømes hadde drivstoff ein auke på 6,6 prosent. Prisutviklinga på klede, der prisane steig med 2,4 prosent, og matvarer med ein prisoppgang på 0,9 prosent, bidrog også til veksten i KPI denne månaden.

Ein nedgang i prisane på flyreiser med 10,1 prosent og i prisane på teletenester med 2,7 prosent, var dei største bidraga til å dempe prisauken.

Moderat tolvmånadersvekst i KPI

Tolvmånadersendringa i konsumprisindeksen var igjen positiv etter to månader med negativ vekst. Dei siste tolv månadene har KPI auka med 1,5 prosent. Mange komponentar bidrog til oppgangen. Av dei viktigaste var prisane på varer og tenester til vedlikehald av bustad som voks med 6,2 prosent, drivstoff som auka med 12,3 prosent, og prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer som steig med 2,7 prosent. Andre viktige bidrag var høgare prisar på aviser og bøker samt hotell- og restauranttenester.

Elektrisitet, inkludert nettleige, var trass i høgare prisar i november, framleis den viktigaste dempande faktoren i tolvmånadersveksten. Prisane var i november 15,5 prosent lågare enn i november 2006. Prisane på klede og audiovisuelt utstyr var også lågare enn på same tid i fjor.

Sterk auke i tolvmånadersveksten

Endringa i tolvmånadersveksten i KPI var på 1,7 prosentpoeng, noko som nesten utelukkande kjem av høgare elektrisitetsprisar.

KPI-JAE auka med 1,5 prosent frå november i fjor til november i år, opp 0,1 prosentpoeng frå førre månad.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2007-
juli 2008
November 2007 Oktober 2007-
november 2007
November 2006-
november 2007
Januar-november 2006-
Januar-november 2007
KPI totalindeks 1 000,0  120,8 1,6 1,5 0,5
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  113,8  113,3 0,8 2,7 2,6
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 28,0  131,4 0,1 1,2 1,5
Klede og skotøy 58,4 67,2 2,0 -4,5 -5,3
Bustad, lys og brensel  280,7  144,7 4,3 0,5 -1,5
Møblar og hushaldsartiklar mv. 63,4  101,4 0,2 2,5 1,9
Helsepleie 29,1  138,8 0,1 2,4 2,5
Transport  180,0  128,5 0,7 3,3 1,8
Post og telekommunikasjonar 25,4 77,8 -3,4 -4,1 -1,4
Kultur og fritid  121,9  108,4 0,5 1,1 0,8
Utdanning 3,2  150,9 - 1,4 2,0
Hotell- og restauranttenester 35,2  136,4 0,4 4,6 4,2
Andre varer og tenester 60,9  124,1 0,3 2,1 2,0
           
KPI-JE    116,2 0,2 1,6 1,6
KPI-JA    118,0 1,7 1,5 0,3
KPI-JAE    113,4 0,3 1,5 1,4
KPI-JAE sesongjustert    113,1 0,2