32384_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32384
Prisauke på byggjevarer
statistikk
2007-06-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på byggjevarer

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,1 prosent frå april til mai 2007. Oppgangen skuldast hovudsakleg prisauke på produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad samt bensin. Frå mai 2006 til mai 2007 steig KPI med 0,3 prosent, medan veksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var på 1,4 prosent i same periode.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

KPI var 118,3 (1998=100) per mai 2007, mot 117,9 på same tid i fjor. Dette svarer til ein vekst på 0,3 prosent dei siste tolv månadene, som er det same som i april. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 1,4 prosent i mai, også denne er uendra frå den førre perioden.

Høgare prisar på byggjevarer frå april til mai

Prisauken på 2,7 prosent for produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad var den viktigaste årsaka til oppgangen i KPI på 0,1 prosent. Høgare bensinprisar medverka også denne månaden til veksten. Etter ein prisauke på 2,5 prosent frå april til mai har bensinprisane stige med 9,8 prosent sidan januar i år.

Andre faktorar som trekte KPI opp denne månaden var matvareprisar, som gjekk opp med 0,4 prosent. Prisar på møblar, teppe og reparasjonar steig med 0,7 prosent.

Lågare elektrisitetsprisar var den viktigaste faktoren som medverka til å dempe prisveksten frå april til mai. Elektrisitetsprisar, inkludert nettleige, fall med 3,7 prosent frå førre månad. KPI utan elektrisitet (KPI-JEL) steig med 0,3 prosent frå april til mai 2007.

Låg prisvekst dei siste tolv månadene

KPI auka med 0,3 prosent frå mai 2006 til mai 2007. Det største tilskotet til veksten kom frå produkt og tenester til vedlikehald og reparasjon av bustad, med ein samla prisauke på 7,4 prosent. Auke i estimert og betalt husleige medverka også til veksten i KPI med respektive 1,2 prosent og 1,9 prosent auke.

Andre tilskot til prisveksten dei siste tolv månadene kom frå høgare prisar på ulike tenester. Tenester innan kultur og fritid auka med 6,6 prosent, medan restaurant og hotelltenester steig med 4,5 prosent.

Den klart viktigaste faktoren som dempa veksten i KPI dei siste tolv månadene, var elektrisitetsprisar, inkludert nettleige, som gjekk ned med 27,5 prosent frå mai 2006 til mai 2007. Elektrisitetsprisar har ikkje vore så låge sidan juli 2003.

Uendra tolvmånadersvekst for KPI og KPI-JAE

KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) viste ein oppgang på 0,1 prosent frå mai 2006 til mai 2007. Tolvmånadersveksten i KPI og KPI-JAE var uendra frå april til mai på respektive 0,3 og 1,4 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2006-juli 2007 Mai 2007 April 2007-mai 2007 Mai 2006-mai 2007 Jan.-mai 2006-jan.-mai 2007
KPI totalindeks 1 000,0  118,3 0,1 0,3 0,7
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  116,1  112,2 0,4 2,2 2,3
Alk.hald. drikkevarer og tobakk 29,9  130,8 -0,1 1,5 1,9
Klede og skotøy 59,2 66,7 0,3 -5,4 -5,4
Bustad, lys og brensel  265,0  137,0 0,1 -2,0 -0,4
Møblar og hushaldsartiklar mv. 66,0  100,6 0,2 2,0 1,3
Helsepleie 29,5  136,9 -0,1 2,5 2,2
Transport  176,0  127,6 0,6 1,9 1,7
Post og telekommunikasjonar 27,6 82,0 -2,8 -3,2 -1,3
Kultur og fritid  124,0  108,1 -0,1 0,9 1,0
Utdanning 3,2  148,8 - 2,3 2,3
Hotell- og restauranttenester 37,6  133,1 0,4 4,5 3,7
Andre varer og tenester 65,9  123,1 0,2 2,2 2,0
           
KPI-JE    115,4 0,1 1,5 1,4
KPI-JA    115,4 0,1 0,1 0,5
KPI-JAE    112,6 0,2 1,4 1,3
KPI-JAE sesongjustert    112,2 0,1