32390_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32390
Prisauke på matvarer og møblar
statistikk
2007-03-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på matvarer og møblar

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,4 prosent frå januar til februar 2007. Veksten kjem i hovudsak av prisoppgang etter sesongsal, samt auke i matvareprisane. Frå februar 2006 til februar 2007 viste KPI ein oppgang på 0,8 prosent. Veksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var på 1,1 prosent i same periode.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månaden året før

KPI var 117,5 (1998=100) per februar 2007 mot 116,6 på same tid i fjor, som tilsvarar ein vekst på 0,8 prosent dei siste tolv månadene, ned frå 1,2 prosent i januar. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 1,1 prosent i februar, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå januar.

Høgare prisar på matvarer og møblar frå januar til februar

KPI steig med 0,4 prosent frå januar til februar, noko som var eit resultat av prisauke i fleire konsumgrupper. Prisane på mat og møblar bidrog mest til veksten. Matvareprisane steig samla med 1,4 prosent. Dei fleste matvaregruppene hadde prisvekst i februar, men det var særleg prisane på fisk og gruppa kaffi, te og kakao som auka.

Etter tilbodsaktivitet i januar steig prisane på møblar med 5,9 prosent i februar. Prisane på møblar fall med 3,8 prosent i januar og ligg nå over prisnivået før salet starta. Prisane på klede steig med 1,5 prosent i februar, etter eit kraftig fall på 12,0 prosent førre månad. Det vart framleis registrert noko tilbod i februar.

Det vart også registrert prisoppgang på varer knytte til vedlikehald og reparasjon av bustad samt restauranttenester med ein stigning på høvesvis 2,0 og 2,7 prosent i februar.

I motsett retning bidrog elektrisitetsprisane inkludert nettleige til å dempe prisveksten. Med ein nedgang på 6,9 prosent frå januar til februar har elektrisitetsprisane falle med heile 32,6 prosent sidan september i fjor. Veksten i KPI utan elektrisitet (KPI-JEL) var 0,7 prosent frå januar til februar.

Låg prisvekst siste tolv månader

KPI steig med 0,8 prosent frå februar 2006 til februar 2007. Det største tilskotet til prisveksten kom frå matvarer og alkoholfrie drikkevarer, som steig med 2,4 prosent. Prisane på vedlikehald og reparasjon av bustad viste ein auke på 4,3 prosent, og det var både prisar på varer og tenester som gjekk opp. Betalt husleige for leigetakarar og estimert husleige for sjølveigarar steig med høvesvis 2,0 og 1,7 prosent frå februar i fjor til februar i år.

Andre viktige tilskot til tolvmånadersveksten i KPI kom frå prisvekst på ulike tenester. Prisane på kultur- og fritidstenester steig med 7,4 prosent, medan transporttenester auka med 4,1 prosent. Prisane på hotell- og restauranttenester gjekk opp med 3,8 prosent frå februar 2006 til februar 2007.

Etter å ha vore den viktigaste drivkrafta bak veksten i KPI gjennom heile fjoråret, medverka elektrisitetsprisane til å redusere tolvmånadersveksten i KPI i februar. Elektrisitetsprisane låg 11,5 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Prisane på klede medverka og til å dempe veksten i KPI siste tolv månader med prisfall på 7,2 prosent. Lågare prisar på audiovisuelt utstyr og teletenester medverka også til å trekkje ned veksten i KPI.

Fall i tolvmånadersveksten i KPI - svak oppgang i KPI-JAE

Tolvmånadersveksten i KPI fall frå 1,2 prosent i januar til 0,8 prosent i februar. Nedgangen kjem i all hovudsak av prisutviklinga på elektrisitet. Prisane på elektrisitet gjekk ned med 6,9 prosent i februar i år, medan dei steig med 9,3 prosent på same tid i fjor.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE gjekk opp frå 1,0 til 1,1 prosent frå januar til februar 2007.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2006-juli 2007 Februar 2007 Januar 2007-februar 2007 Februar 2006-februar 2007 Jan.-feb. 2006-jan.-feb. 2007
KPI totalindeks 1 000,0  117,5 0,4 0,8 1,0
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  116,1  111,4 1,2 2,4 2,1
Alk.hald. drikkevarer og tobakk 29,9  131,0 0,2 2,0 2,0
Klede og skotøy 59,2 62,7 1,5 -6,3 -6,6
Bustad, lys og brensel  265,0  137,8 -0,6 0,4 1,5
Møblar og hushaldsartiklar mv. 66,0  100,0 2,4 1,0 0,7
Helsepleie 29,5  136,9 0,2 2,0 1,9
Transport  176,0  125,3 0,3 1,5 1,5
Post og telekommunikasjonar 27,6 83,4 1,3 -2,1 -1,8
Kultur og fritid  124,0  107,6 - 1,0 1,2
Utdanning 3,2  148,8 - 2,3 2,3
Hotell- og restauranttenester 37,6  132,1 2,2 3,8 2,8
Andre varer og tenester 65,9  122,5 0,2 1,9 1,9
           
KPI-JE    114,4 0,7 1,3 1,2
KPI-JA    114,6 0,4 0,6 0,9
KPI-JAE    111,5 0,6 1,1 1,1