32396_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32396
Fall i elektrisitetsprisane
statistikk
2006-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fall i elektrisitetsprisane

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk ned med 0,1 prosent frå oktober til november 2006. Nedgangen kom hovudsakleg på grunn av prisfall på elektrisitet og bensin. Frå november 2005 til november 2006 steig KPI med 2,6 prosent, medan KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) viste ein vekst på 0,8 prosent i same periode.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå den same månaden året før

KPI var 119,0 (1998=100) per november 2006, mot 116,0 på same tid i fjor. Dette svarar til ein vekst på 2,6 prosent dei siste tolv månadene. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 0,8 prosent i november, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå oktober.

Energivarer trekte KPI ned frå oktober til november

KPI fall med 0,1 prosent frå oktober til november. Elektrisitetsprisane gjekk ned med 4,6 prosent, som følgje av mildt vær og mye nedbør den siste tida. Kraftprisane fall, medan prisane på nettleige steig marginalt. Bensinprisane gjekk ned med 1,7 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer auka med 0,5 prosent, og det var mellom anna prisar på frisk frukt og kaffi som steig i denne perioden. Prisane på møblar, klede, lækjemiddel og produkt til vedlikehald av bustad steig også frå oktober til november.

Prisauke på elektrisitet dei siste tolv månadene

KPI steig med 2,6 prosent frå november 2005 til november 2006. Elektrisitetsprisane var 35,8 prosent høgare enn på den same tida i fjor. Trass i minkande tolvmånadersvekst på elektrisitet dei to siste månadene, medverka desse prisane til om lag halvparten av veksten i KPI.

Andre tilskot til tolvmånadersveksten i KPI kom frå høgare prisar på ulike tenester. Prisane på kultur- og fritidstenester steig med 7,0 prosent, medan transport- og helsetenester auka med høvesvis 4,9 og 5,9 prosent. Prisane på hotelltenester gjekk opp med 11,2 prosent frå november 2005 til november 2006.

Prisane på klede og audiovisuelt utstyr medverka mest til å dempe veksten i KPI dei siste tolv månadene med prisfall på 5,2 og 7,8 prosent. Lågare prisar på barnehageplassar og teletenester medverka også til å trekkje ned veksten i KPI.

KPI-JAE steig

Tolvmånadersveksten i KPI gjekk ned frå 2,7 prosent i oktober til 2,6 prosent i november. Nedgangen skuldast prisutviklinga på elektrisitet. Prisane på elektrisitet viste eit fall på 4,6 prosent i november i år, medan dei auka med 3,6 prosent på same tid i fjor.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE steig frå 0,7 til 0,8 prosent frå oktober til november 2006.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2006-juli 2007 November 2006 Oktober 2006-november 2006 November 2005-november 2006 Jan.-nov. 2005-jan.-nov. 2006
KPI totalindeks 1 000,0  119,0 -0,1 2,6 2,3
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  116,1  110,3 0,5 2,3 1,4
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 29,9  129,8 - 2,3 1,9
Klede og skotøy 59,2 70,4 0,4 -4,6 -3,4
Bustad, lys og brensel  265,0  144,0 -0,7 7,3 6,1
Møblar og hushaldsartiklar mv. 66,0 98,9 0,4 -1,4 -1,5
Helsepleie 29,5  135,5 0,4 3,5 3,5
Transport  176,0  124,4 -0,2 2,6 3,3
Post og telekommunikasjonar 27,6 81,1 0,7 -3,3 1,2
Kultur og fritid  124,0  107,2 -0,2 0,8 0,5
Utdanning 3,2  148,8 - 2,3 2,2
Hotell- og restauranttenester 37,6  130,4 0,3 4,0 3,1
Andre varer og tenester 65,9  121,5 0,2 -0,6 -1,0
           
KPI-JE    114,4 0,3 1,1 1,0
KPI-JA    116,3 -0,1 2,2 2,0
KPI-JAE    111,7 0,2 0,8 0,7