32420_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32420
Inga endring i konsumprisindeksen
statistikk
2005-12-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Inga endring i konsumprisindeksen

Konsumprisindeksen (KPI) var uendra frå oktober til november 2005. Frå november 2004 til november 2005 steig KPI med 1,8 prosent, hovudsakleg grunna prisauke på energivarene bensin og elektrisitet. KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) steig med 1,1 prosent frå november 2004 til november 2005.

Konsumprisindeksen. 1998=100

KPI var 116,0 (1998=100, dvs. referanseåret) per november 2005 mot 114,0 på same tid i fjor, noko som tilsvarer ein oppgang på 1,8 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 1,1 prosent i november, noko som er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå oktober.

Inga endring i KPI frå oktober til november

Med ein prisauke på 3,6 prosent var elektrisitetsprisane den viktigaste enkeltfaktoren bak impulsane til prisvekst i november. Bensin var den viktigaste faktoren i motsett retning med eit prisfall på 4,9 prosent frå oktober til november.

Alkoholfrie drikkevarer hadde eit prisfall på 1,3 prosent i november, noko som i hovudsak kjem av tilbodsaktivitet på kaffi og brus og leskedrikker.

Bensinprisane trakk KPI mest opp siste tolv månader

KPI steig med 1,8 prosent frå november 2004 til november 2005, noko som er uendra frå tolvmånadersveksten i oktober. Det største tilskotet til prisveksten kom som i førre månad frå bensinprisane som steig med 8,4 prosent frå november i fjor til november i år. Elektrisitetsprisane trakk også i retning av auka KPI med ein prisstigning på 4,0 prosent i same periode.

Betalt og estimert husleige auka med respektive 2,3 og 2,2 prosent frå november 2004 til november 2005. Gruppa vedlikehald og reparasjon av bustad steig med 3,0 prosent siste tolv månader og trakk med dette i same retning som husleigene.

Med ein nedgang i prisane på 8,0 prosent frå november 2004 til november 2005 medverka audiovisuelt utstyr nok ein gong til å dempe veksten i KPI. Det same gjorde klede som hadde eit prisfall på 3,6 prosent siste tolv månader.

Fall i tolvmånadersveksten for KPI-JAE

Tolvmånadersveksten i KPI var uendra på 1,8 prosent frå oktober til november 2005. Prisutviklinga på elektrisitet medverka isolert sett til ein auke i tolvmånadersveksten med ein prisoppgang i november 2005, mot eit moderat prisfall på same tid i fjor. Impulsane frå elektrisitetsprisane vart nøytraliserte av prisutviklinga på bensin og på matvarer, noko som medførte at tolvmånadersveksten vart uendra.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 1,1 prosent i november 2005, noko som er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå oktober. Tolvmånadersveksten i KPI-JA var uendra frå oktober og dermed 1,5 prosent også i november.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2005-juli 2006 November 2005 Oktober-november 2005 November 2004-november 2005 Januar-november 2004-januar-november 2005
KPI totalindeks 1 000,0  116,0 - 1,8 1,5
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  117,4  107,8 -0,2 1,6 1,7
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 29,9  126,9 0,1 2,0 2,5
Klede og skotøy 59,2 73,8 0,1 -3,5 -4,6
Bustad, lys og brensel  260,2  134,2 0,7 2,8 1,6
Møblar og hushaldsartiklar mv. 69,6  100,3 0,2 - -0,6
Helsepleie 28,1  130,9 -0,1 2,8 2,8
Transport  173,1  121,2 -0,9 3,8 4,4
Post og telekommunikasjonar 27,3 83,9 0,2 -0,1 -0,8
Kultur og fritid  124,5  106,4 -0,1 0,8 0,8
Utdanning 3,2  145,5 - 2,2 1,3
Hotell- og restauranttenester 38,6  125,4 0,2 1,9 1,6
Andre varer og tenester 68,9  122,2 - 1,7 1,8
           
KPI-JE    113,1 0,1 1,4 1,4
KPI-JA    113,8 - 1,5 1,2
KPI-JAE    110,8 0,1 1,1 1,0