32438_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32438
Konsumprisane svakt opp
statistikk
2005-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumprisane svakt opp

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,1 prosent frå januar til februar 2005, som i hovudsak har si årsak i prisauke på møblar, matvarer og bensin. KPI steig med 1,0 prosent dei siste tolv månader, medan KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) auka med 0,7 prosent.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

KPI var 113,7 (1998=100) per februar 2005 mot 112,6 på same tid i fjor, ein oppgang på 1,0 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 0,7 prosent i februar, uendra frå januar.

Prisoppgang på møblar og matvarer

KPI steig med 0,1 prosent frå januar til februar 2005. Etter sesongsalet førre månad, steig prisane på møblar, innreiings- og dekorasjonsartiklar med 5,1 prosent frå januar til februar og medverka dermed til å trekkje KPI opp.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer medverka også til oppgangen i KPI med ein prisauke samla sett på 1,0 prosent. I tillegg til ein prisoppgang på sesongvarer, som friske grønsaker og frisk frukt, steig prisane på dei fleste gruppene innanfor matvarer og alkoholfrie drikkevarer.

Prisane knytte til sosiale omsorgstenester steig også sidan førre måling, med ein samla prisoppgang på 0,8 prosent. Dei kommunale barnehagesatsane steig med 1,6 prosent, medan dei private fall med 1,1 prosent sidan august 2004. For meir informasjon om utviklinga i barnehagesatsane, sjå artikkelen "Egenbetaling i barnehager". Endringstall, januar 2005", som blir publisert 11. mars 2005. Det vart også registrert prisauke på eigenbetaling til heimehjelp sidan førre måling i februar i fjor.

Dei tunge energikomponentane bensin og elektrisitet trekte i kvar si retning. Bensinprisane steig med 1,5 prosent frå januar til februar, medan prisane på elektrisitet fall med 6,2 prosent.

Sesongsalet på klede frå førre månad heldt fram i februar, men i langt mindre grad. Biletet var ikkje eintydig, men var prega av ytterlegare prisreduksjonar på ei rekkje produkt, kombinert med prisaukar på andre. Samla sett fall prisane på klede med 1,5 prosent.

Bensin og transporttenester trekte KPI opp

KPI steig med 1,0 prosent frå februar 2004 til februar 2005. Det klart største bidraget til tolvmånadersveksten i februar kjem frå konsumgruppa transport, med prisaukar på bensin og transporttenester på respektive 5,7 og 5,8 prosent. I same retning trekte prisane på biler med ein auke på 1,7 prosent. Det vart også registrert ein kraftig prisauke på reservedelar og tilbehør dei siste tolv månader.

Betalt og estimert husleige medverka også til tolvmånadersveksten i KPI, med prisaukar på respektive 2,1 og 1,8 prosent frå februar 2004 til februar 2005. Det same gjorde prisane på produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad, med ein prisoppgang på 5,4 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer steig med 1,7 prosent frå februar i fjor til februar i år og medverka dermed også til å trekkje KPI opp.

I motsett retning trekte prisane på elektrisitet med ein nedgang på 10,6 prosent dei siste tolv månader. Prisane på klede og skotøy og audiovisuelt utstyr medverka også til å dempe veksten i KPI med eit prisfall på respektive 6,5 og 6,8 prosent frå februar 2004 til februar 2005.

Nedgang i tolvmånadersveksten

Tolvmånadersveksten i KPI gjekk frå 1,1 prosent i januar til 1,0 prosent i februar. Nedgangen kan mellom anna forklarast med ein prisnedgang på klede i februar i år, mot ein oppgang på same tid i fjor.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2004-juli 2005 Februar 2005 Januar-februar 2005 Februar 2004-februar 2005 Januar-februar 2004-
januar-februar 2005
KPI totalindeks 1 000,0  113,7 0,1 1,0 1,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  116,0  107,7 1,0 1,7 1,4
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 29,4  126,8 - 3,0 3,2
Klede og skotøy 59,8 67,1 -1,3 -6,5 -5,2
Bustad, lys og brensel  258,0  130,0 -0,8 0,3 0,5
Møblar og hushaldsartiklar mv. 71,8  100,1 2,2 -1,0 -1,6
Helsepleie 27,7  128,5 0,2 2,6 2,6
Transport  175,2  118,6 0,4 4,1 4,3
Post og telekommunikasjonar 24,9 81,1 0,7 -3,3 -3,8
Kultur og fritid  126,6  106,4 - 1,0 0,9
Utdanning 3,2  142,3 - 0,9 0,9
Hotell- og restauranttenester 38,5  124,0 0,2 1,6 1,7
Andre varer og tenester 68,9  121,9 0,4 1,8 1,4
           
KPI-JE    111,6 0,4 1,3 1,2
KPI-JA    111,3 0,1 0,4 0,5
KPI-JAE    109,2 0,4 0,7 0,7