32457_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32457
Bensinprisane trekte KPI opp
statistikk
2004-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Bensinprisane trekte KPI opp

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,1 prosent frå april til mai som i hovudsak kjem av prisutviklinga på bensin. Bensinprisane er også den viktigaste enkeltfaktoren bak veksten i konsumprisane på 1,0 prosent dei siste tolv månadene.

Konsumprisindeksen. 1998=100

KPI var 113,4 (1998=100) i mai 2004 samanlikna med 112,3 i mai 2003 - ein oppgang i konsumprisane på 1,0 prosent. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) har stige med 0,1 prosent dei tolv siste månadene.

KPI svakt opp i mai

KPI steig i gjennomsnitt med 0,1 prosent frå april til mai. Dei viktigaste bidraga i KPI frå april til mai kom frå gruppa transport, men dei tunge komponentane bensin og passasjertransport med fly trekte i kvar si retning. Bensinprisane steig med 4,6 prosent i mai, medan prisane på flyreiser gjekk ned med 11,2 prosent.

Fleire mindre bidrag til oppgangen i konsumprisane frå april til mai kom frå produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad, flytande brensel, alkoholhaldige drikkevarer og skotøy. Sosiale omsorgstenester motverka derimot oppgangen i konsumprisane med eit prisfall på 2,8 prosent, noko som kjem av ein reduksjon i barnehagesatsane. I samband med innføringa av maksimalsatsar frå 1. mai 2004 vart det gjennomført ei ekstraordinær barnehageundersøking for mai. Kommunale og private barnehagesatsar fall samla med 3,4 prosent sidan førre undersøking i januar.

Prisoppgang på 1,0 prosent siste tolv månader

KPI har stige med 1,0 prosent frå mai 2003 til mai 2004. Det største enkeltbidraget til veksten i konsumprisane kjem frå bensinprisane som har auka med 14,1 prosent dei siste tolv månadene. Storparten av auken i bensinprisane har komme i 2004.

Matvareprisane har gått opp med 2,4 prosent frå mai i fjor til mai i år og medverka dermed også til oppgangen i konsumprisane. Det same gjer prisane på tobakk som har stige med 19,3 prosent dei siste tolv månadene.

Prisane på varer og tenester innanfor gruppa bustad, lys og brensel samla sett, har også vist ein oppgang sidan mai i fjor. Estimert og betalt husleige har stige med 1,6 og 1,7 prosent, medan prisane på produkt og tenester knytte til vedlikehald og reparasjon av bustad har auka med 3,6 prosent. Prisane på elektrisitet, fyringsoljer og anna brensel har samla gått opp med 3,7 prosent i dei siste tolv månadene.

Det har også vorte registrert prisauke på helsetenester og forsikringspremiar med respektive 8,8 og 4,2 prosent frå mai i fjor til mai i år.

Prisane på klede og skotøy har samla falle med 7,7 prosent og medverkar til å dempe veksten i konsumprisane dei siste tolv månadene. Prisane på klede har vist ein langt kraftigare nedgang enn prisane på skotøy. Etter ein prisnedgang på 11,2 prosent på flyreiser frå april til mai, har prisane falle med heile 27,1 prosent sidan mai i fjor. Også prisane på audiovisuelt utstyr og sosiale omsorgstenester har medverka til å moderere oppgangen i KPI med prisfall på respektive 7,2 og 9,8 prosent.

Energivarer gav oppgang i tolvmånadsendringa

Tolvmånadsveksten i konsumprisane har stige frå 0,4 prosent i april til 1,0 prosent i mai. Oppgangen kjem i all hovudsak av prisutviklinga på energivarer. Prisane på bensin auka med 4,6 prosent i mai i år, mot ein nedgang på 5,9 prosent i mai i fjor. Prisane på elektrisitet inkludert nettleige gjekk berre svakt ned i mai i år, samanlikna med eit prisfall på 9,1 prosent på same tid i fjor. Prisane på passasjertransport med fly motverka derimot oppgangen i tolvmånadsveksten, med eit prisfall på 11,2 prosent i mai i år mot ein marginal nedgang i mai i fjor.

Tolvmånadsendringa i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) steig frå ein nedgang på 0,1 prosent i april til ein oppgang på 0,6 prosent i mai. KPI-JAE gjekk frå 0,2 prosent i april til 0,1 prosent i mai.

Frå og med 10. juni 2004 vil ikkje lenger prisindeks for detaljhandel, verken som totalindeks, brote ned på enkeltnæringar eller grupper av næringar, bli publisert i samband med KPI. Dermed vil tabellane 3 og 6 bli lagde ned.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Mai 2004    April 2004-
mai 2004
   Mai 2003-
mai 2004
   Januar-mai 2003-
januar-mai 2004
KPI totalindeks  113,4 0,1 1,0 -0,5
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 106,7 - 2,5 2,8
Alk.hald.drikkevarer og tobakk  123,6 0,7 7,4 7,2
Klede og skotøy 76,2 0,3 -7,7 -9,4
Bustad, lys og brensel  129,3 0,2 2,3 -2,2
Møblar og hushaldsartiklar mv.  101,1 -0,3 -1,6 -1,3
Helsepleie  125,5 0,2 4,8 4,9
Transport  115,6 0,4 2,1 0,1
Post og telekommunikasjonar 83,0 -0,4 -4,5 -4,7
Kultur og fritid  105,9 -0,2 -0,7 -0,8
Utdanning  141,1 - 6,9 6,9
Hotell- og restauranttenester  122,1 0,2 2,4 2,8
Andre varer og tenester  119,5 -0,3 0,5 1,2
         
KPI-JE   -0,1 0,5 0,5
KPI-JA   0,1 0,6 -1,1
KPI-JAE   -0,1 0,1 0,1