32463_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32463
Prisar på bensin og klede trekte KPI opp
statistikk
2004-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisar på bensin og klede trekte KPI opp

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,2 prosent frå januar til februar, ein auke som i hovudsak kjem av prisutviklinga på bensin og klede. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) har falle med 0,1 prosent dei 12 siste månadene.

KPI var 112,6 (1998=100) i februar 2004 samanlikna med 114,6 i februar 2003 - ein nedgang i konsumprisane på 1,7 prosent. 12-månadsendringa i KPI-JAE fall frå ein oppgang på 0,1 prosent i januar til ein nedgang på 0,1 prosent i februar. Fallet kan langt på veg forklarast med nedgangen i barnehagesatsane i februar i år mot ein oppgang i februar i fjor. For metodisk informasjon; Justerte konsumprisindeksar .

Konsumprisindeksen. 1998=100

Oppgang på 0,2 prosent frå januar til februar

KPI steig i gjennomsnitt med 0,2 prosent frå januar til februar. Dei viktigaste energikomponentane i KPI, med bensin på den eine sida og elektrisitet på den andre, trekte i kvar sin retning. Prisane på bensin auka med 4,0 prosent frå januar til februar, medan prisane på elektrisitet inkludert nettleige, fall med 5,6 prosent. Det var berre kraftprisane som vart registrert med ein nedgang.

Etter januarsalet steig prisane på klede og skotøy i februar med respektive 1,5 og 0,8 prosent. Men bildet var ikkje eintydig, for sjølv om dei fleste produkta viste ein prisauke fall prisane på nokre varer ytterlegare. Prisane på møblar, innreiings- og dekorasjonsartiklar viste også ein oppgang etter salet i januar med ein auke på 3,5 prosent, og var dermed nesten tilbake på desembernivået.

Matvareprisane og husleiger medverka også til oppgangen i KPI frå januar til februar. Matvareprisane auka med 0,6 prosent, der særleg ei rekkje tørrvarer, diverse påleggsprodukt samt margarin og olje steig i pris. Estimert og betalt husleige gjekk begge opp med 0,3 prosent i februar.

Prisane på sosiale omsorgstenester gjekk ned med 3,0 prosent i februar, som er eit resultat av lågare barnehagesatsar sidan førre måling i august. Satsane i dei private barnehagane fall mest med 10,3 prosent, medan satsane i dei kommunale barnehagane gjekk ned med 1,2 prosent. For meir informasjon om barnehagetakstane, sjå eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, januar 2004 . Det var derimot registrert ein kraftig prisauke på eigenbetaling for heimehjelp sidan førre måling i februar i fjor.

Prisnedgang siste 12 månader

KPI har falle med 1,7 prosent frå februar 2003 til februar 2004. Som i januar er det elektrisitetsprisane inkludert nettleige som styrer mykje av konsumprisnedgangen på 12-månadsbasis. På grunn av det ekstremt høge prisnivået i starten av 2003, låg elektrisitetsprisane i februar i år 29,8 prosent lågare enn på same tid i fjor. KPI utan elektrisitet har i same periode stige med 0,3 prosent. Bensinprisane har også vist nedgang siste 12 månader, men tilskottet til det totale konsumprisfallet var i meir moderat form - veksten i KPI utan energivarer (KPI-JE) var 0,4 prosent i februar.

Prisane på klede har vist ein fallande trend gjennom fleire år og medverka også i februar til konsumprisnedgangen. Samla har prisane på klede falle med 11,8 prosent. Det var også registrert ein markant nedgang i prisane på skotøy med 8,0 prosent.

Prisane på flyreiser har dei 12 siste månadene blitt reduserte med 17,7 prosent medan audiovisuelt utstyr har vist eit prisfall på 7,4 prosent. Med den registrerte nedgangen i barnehagetakstane i februar i år, gav også dei eit stort tilskott til det totale konsumprisfallet.

Betalt og estimert husleige viste eit klart fall i 12-månadsveksten i januar i år, samla stod dei likevel for det viktigaste tilskottet til å dempe den totale konsumprisnedgangen i februar. Frå februar i fjor til februar i år har betalt og estimert husleige stige med respektive 2,7 og 2,6 prosent. Matvareprisane har vist ein auke på 2,6 prosent, medan avgiftsauken på røyketobakk frå januar i år har medverka til at også prisane på tobakksvarer har stige markant sidan februar i fjor. Helsetenester og forsikring har også vist ein sterk prisvekst sidan februar i fjor med respektive 8,8 og 5,1 prosent.

Svak oppgang i 12-månadsendringa

Konsumprisane dei 12 siste månadene gjekk frå ein nedgang på 1,8 prosent i januar til ein nedgang på 1,7 prosent i februar. Prisane på elektrisitet og klede forklarar i stor grad den svake oppgangen. Samanlikna med februar i fjor då elektrisitetsprisane gjekk ned med 6,9 prosent, fall prisane i februar i år noko mindre med 5,6 prosent. Prisane på klede steig noko meir i februar i år samanlikna med februar i fjor. Lågare barnehagetakstar i februar i år mot ein oppgang på same tid i fjor, motverka oppgangen i 12-månadsendringa.

12-månadsendringa i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) steig svakt frå ein nedgang på 2,4 prosent i januar til ein nedgang på 2,3 prosent i februar. KPI-JAE gjekk frå ein oppgang på 0,1 prosent i januar til ein nedgang på 0,1 prosent i februar.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Februar 2004 Januar 2004-
februar 2004
Februar 2003-
februar 2004
Januar-februar 2003-
januar-februar 2004
KPI totalindeks  112,6 0,2 -1,7 -1,8
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  105,9 0,5 2,5 2,7
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  123,1 0,4 7,2 7,2
Klede og skotøy 71,8 1,4 -11,2 -11,4
Bustad, lys og brensel  129,6 -0,6 -5,1 -5,5
Møblar og hushaldsartiklar mv.  101,1 1,0 -1,6 -1,3
Helsepleie  125,2 0,1 4,4 5,0
Transport  113,9 0,8 -1,1 -1,0
Post og telekommunikasjonar 83,9 -0,1 -4,6 -4,7
Kultur og fritid  105,3 -0,1 -0,8 -0,8
Utdanning  141,1 - 6,9 6,9
Hotell- og restauranttenester  122,0 0,3 3,0 3,0
Andre varer og tenester  119,8 -0,2 1,2 1,6
         
KPI-JE  110,2 0,3 0,4 0,5
KPI-JA   0,2 -2,3 -2,3
KPI-JAE   0,3 -0,1 -