32475_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32475
Kraftig prisauke på elektrisitet
statistikk
2003-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. august 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig prisauke på elektrisitet

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,3 prosent frå 15. juli til 15. august. Oppgangen kjem i hovudsak av ein prisauke på elektrisitet. Konsumprisane har dei siste 12 månadene stige med 2,1 prosent, medan 12-månadersveksten i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) var 0,9 prosent i august.

KPI var 111,9 (1998=100) i august i år, mot 109,6 i august i fjor. 12-månadersveksten i KPI steig frå 1,5 prosent i juli til 2,1 prosent i august, noko som i høg grad kan forklarast med prisutviklinga på elektrisitet.

Prisendring frå juli til august: Prisane opp 0,3 prosent

Konsumprisane steig med 0,3 prosent frå juli til august. Oppgangen er i hovudsak eit resultat av prisutviklinga på elektrisitet. I motsetnad til fallande elektrisitetsprisar kvar månad sidan februar i år steig prisane på elektrisitet, inkludert nettleige, frå juli til august med 11,9 prosent. Dette er ein kraftig oppgang samanlikna med same månad tidlegare år. Prisane på kraft viste ein markant oppgang, medan prisane på nettleige gjekk svakt opp. Bensinprisane steig med 1,8 prosent frå juli til august. KPI utan energivarer (KPI-JE) gjekk ned med 0,3 prosent frå juli.

Prisauke på tenester som mellom anna tannlegetenester og hotelltenester medverka også til ein oppgang i konsumprisane frå juli til august.

Prisane på sosiale omsorgstenester viste samla sett ein nedgang på 4,4 prosent og medverka dermed til å dempe veksten i konsumprisane. Kommunale og private barnehagesatsar fall frå førre måling. For meir informasjon om barnehagetakstane, sjå eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, august 2003 . Prisnedgangen på sosiale omsorgstenester vart dempa av ein prisauke på skulefritidsordninga.

Tilbodsaktiviteten på klede og skotøy heldt fram også i august, men var klart avtakande samanlikna med førre månad. Samla fall prisane på klede og skotøy med 1,7 prosent. Prisane på skotøy fall noko meir enn prisane på klede. Det vart også registrert ein sesongmessig prisnedgang på friske grønsaker i august. Prisane på matvarer fall samla med 0,8 prosent.

Også prisane på audiovisuelt utstyr gjekk ned frå juli til august.

12-månadersveksten: El-prisar trekkjer opp prisauken

KPI har stige med 2,1 prosent frå august 2002 til august 2003. Elektrisitet inkludert nettleige gir det største enkelttilskottet til 12-månadersveksten. Prisane på elektrisitet var i august 34,2 prosent høgare enn i same månad i fjor. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 1,1 prosent frå august i fjor. Elektrisitetsprisane trekkjer dermed opp konsumprisane med 1,0 prosentpoeng.

Husleiger medverkar også til auken i konsumprisane dei siste 12 månadene. Betalt og estimert husleige har auka med respektive 3,9 og 3,8 prosent frå august i fjor til august i år. Prisane på matvarer trekkjer også opp 12-månadersveksten med ein samla auke på 3,3 prosent. Det er særleg mel, gryn, brød, enkelte meieriprodukt, frukt og grønsaker som har stige i pris.

Tenester innanfor forsikring, helse og transport trekkjer også opp veksten i konsumprisane med ein auke på respektive 9,3, 5,8 og 4,5 prosent frå august i fjor. Det same gjeld prisane på bensin som har stige med 3,9 prosent.

Prisane på klede var i august 11,6 prosent lågare enn på same tid i fjor. Også prisane på skotøy har dempa veksten i KPI i august. Audiovisuelt utstyr har vist ein nedgang i prisane på 9,6 prosent frå august i fjor. Redusert foreldrebetaling i kommunale og private barnehagar dei siste 12 månadene medverkar også til å dempe auken i konsumprisane.

KPI-JAE og KPI-JE har begge auka med 0,9 prosent frå august 2002 til august 2003. Energivarer trekkjer dermed samla opp KPI med 1,2 prosentpoeng.

Konsumprisindeksen. 1998=100

Endringar i 12-månadersveksten

12-månadersveksten i KPI gjekk frå 1,5 prosent i juli til 2,1 prosent i august. Auken kjem i all hovudsak av prisoppgangen på elektrisitet inkludert nettleige frå juli til august, då prisane steig med 11,9 prosent. I august i fjor viste elektrisitetsprisane berre ein svak auke.

Utviklinga i prisane på klede, skotøy, husleiger, møblar og bustadtekstilar forklarer også auken i 12-månadersveksten.

Eit sterkare fall i barnehagesatsane i august i år samanlikna med august i fjor dempa auken i 12-månadersveksten. Utviklinga i prisane på hotelltenester motvirka også auken i 12-månadersveksten.

KPI justert for avgiftsendringar (KPI-JA) steig frå 1,4 prosent i juli til 2,1 prosent i august, medan KPI-JAE gjekk frå 0,7 prosent til 0,9 prosent i tilsvarande periode.

Nye vekter i konsumprisindeksen

Vektene i KPI blir revidert i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2003 til juli 2004 er vektene basert på forbruksundersøkingane i 2000, 2001 og 2002. Sjå: Nye vekter .

Ny metode for bilar

I indeksen for bilar er det frå og med august 2003 teke i bruk ein ny metode. For meir informasjon sjå: Om statistikken .

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  August 2003 Juli 2003-august 2003 August 2002-august 2003 Januar-august 2002 - januar-august 2003
KPI totalindeks  111,9 0,3 2,1 3,0
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  105,0 -0,6 3,2 3,3
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  115,1 - 1,3 1,5
Klede og skotøy 75,4 -1,7 -10,7 -10,1
Bustad, lys og brensel  127,0 1,8 7,5 10,2
Møblar og hushaldsartiklar mv.  101,9 -0,1 -0,6 -0,8
Helsepleie  121,7 1,0 3,5 3,8
Transport  114,4 0,4 1,5 1,5
Post og telekommunikasjonar 85,9 0,6 -3,9 -1,8
Kultur og fritid  104,8 -0,6 -1,0 0,2
Utdanning  132,0 - 5,1 5,1
Hotell- og restauranttenester  119,7 0,3 2,7 3,2
Andre varer og tenester  118,7 -0,9 3,5 3,7
         
KPI-JE  109,7 -0,3 0,9 1,2
KPI-JA   0,3 2,1 3,1
KPI-JAE   -0,2 0,9 1,3