32481_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32481
Energiprodukt trekte ned konsumprisane
statistikk
2003-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Energiprodukt trekte ned konsumprisane

Konsumprisindeksen (KPI) fall med 0,5 prosent frå 15. april til 15. mai. Nedgangen kjem i hovudsak av prisutviklinga på energiprodukt, noko som også forklarar fallet i 12-månadersveksten frå 2,9 prosent i april til 2,1 prosent i mai. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) har auka med 1,2 prosent dei siste 12 månadene.

KPI var 112,3 (1998=100) i mai i år samanlikna med 110,0 i mai i fjor.

Prisendring frå april til mai: Konsumprisane ned 0,5 prosent

Elektrisitetsprisane, inkludert nettleige, har dei siste månadene vore hovudårsaka til nedgangen i konsumprisane og i mai gjekk prisane ytterlegare ned med 9,1 prosent. Samla har prisane falle med 39,3 prosent sidan januar. Prisane på bensin heldt fram å falle i mai og viste ein nedgang på 5,9 prosent.

Prisane på hotellovernattingar gjekk ned med 2,4 prosent og medverka også til nedgangen i KPI i mai, det same gjorde lågare prisar på audiovisuelt utstyr.

Prisane på matvarer gjekk derimot opp med 0,4 prosent frå april til mai. Det var i hovudsak prisane på frisk frukt som steig. Særleg appelsinar viste ein kraftig prisauke. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer steig også samla med 0,4 prosent i mai.

12-månadersveksten: Elektrisitetsprisar drar prisveksten opp

KPI har stige med 2,1 prosent dei siste 12 månadene. Til tross for at elektrisitetsprisane har falle kvar månad sidan februar i år, ligg prisane 29,6 prosent høgare enn på same tid i fjor. Elektrisitet inkludert nettleige står dermed framleis for det største enkelttilskottet til 12-månadersveksten. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 1,1 prosent frå mai i fjor.

Ein auke i estimert og betalt husleige på respektive 4,3 og 4,2 prosent frå mai i fjor til mai i år har også medverka til veksten i konsumprisane.

Prisane på matvarer har stige med 3,5 prosent dei siste 12 månadene. Prisauken omfattar særleg ei rekkje brød og kornprodukt og meieriprodukt i tillegg til friske grønsaker.

Høgare forsikringspremiar medverka også til 12-månadersveksten i konsumprisane. Det same gjorde mellom anna prisane på tenester og ulike varer knytte til fritid og kultur samt helsetenester.

Prisane på klede og skotøy har samla falle med 11,5 prosent frå mai i fjor til mai i år. Prisane på klede fall mest med 12,2 prosent, medan prisane på skotøy gjekk ned med 6,8 prosent. I motsetnad til tidlegare i år, har også bensinprisane medverka til å dempe veksten i konsumprisane. Bensinprisane var i mai 2,8 prosent lågare enn i same periode i fjor. I tillegg vart det registrert ein nedgang i prisane på audiovisuelt utstyr og teleutstyr på 12-månadersbasis.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

Endringar i 12-månadersveksten

12-månadersveksten i KPI gjekk frå 2,9 prosent i april til 2,1 prosent i mai. Den kraftige nedgangen kjem i stor grad av prisutviklinga på energiprodukt. Elektrisitetsprisane fall, som nemnt ovanfor, med 9,1 prosent medan det berre vart registrert marginal nedgang i mai i fjor. Bensinprisane fall 5,9 prosent i mai i år mot 2,5 prosent i mai i fjor. Prisutviklinga på klede, teletenester samt husleiger medverka også til nedgangen i 12-månadersveksten.

KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) fall frå 3,0 prosent i april til 2,0 prosent i mai medan KPI-JAE gjekk frå 1,6 til 1,2 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Mai 2003 April 2003-mai 2003 Mai 2002- mai 2003 Januar-mai 2002- januar-mai 2003
KPI totalindeks  112,3 -0,5 2,1 3,7
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  104,1 0,3 3,3 3,1
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  115,1 0,3 1,8 1,6
Klede og skotøy 82,6 0,2 -11,5 -9,1
Bustad, lys og brensel  126,4 -1,6 7,5 12,2
Møblar og hushaldsartiklar mv.  102,7 0,2 -0,8 -0,7
Helsepleie  119,7 - 3,5 3,9
Transport  113,2 -1,2 0,3 1,6
Post og telekommunikasjonar 86,9 -0,2 -3,3 -0,5
Kultur og fritid  106,6 -0,2 0,8 0,8
Utdanning  132,0 - 5,1 5,1
Hotell- og restauranttenester  119,2 -0,1 3,1 3,2
Andre varer og tenester  118,9 - 3,7 3,6
         
KPI-JE  110,4 - 1,2 1,5
KPI-JA   -0,6 2,0 3,9
KPI-JAE   0,1 1,2 1,6