32493_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32493
KPI-auke kjem av høgare elektrisitetsprisar
statistikk
2002-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

KPI-auke kjem av høgare elektrisitetsprisar

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,4 prosent frå 15. oktober til 15. november. Oppgangen kjem i all hovudsak av høgare prisar på elektrisitet. KPI har dei siste 12 månadene stige med 2,1 prosent, opp frå 1,8 prosent førre månad.

KPI var 111,0 (1998=100) i november i år, mot 108,7 i november i fjor. 12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,0 prosent i november, ned frå 2,1 prosent i oktober.

Prisendring frå oktober til november: Prisane opp 0,4 prosent

Etter ein auke i oktober på 6,0 prosent steig elektrisitetsprisane, inkludert nettleige, enda kraftigare i november med 10,3 prosent. Årsaka til auken i kraftprisane er mellom anna små nedbørmengder, sjå Vannmagasinenes fyllingsgrad . Oppgangen i elektrisitetsprisane i november i år er langt kraftigare samanlikna med tilsvarande periodar tidlegare år. Det vart registrert ein auke i kraftprisane blant dei fleste leverandørane.

Prisane på matvarer steig med 0,3 prosent frå oktober til november. Det var hovudsakleg prisane på ferske produkt av kjøt og rotgrønsaker som viste ein oppgang. Derimot vart det registrert ein reduksjon i prisane på importerte grønsaker og frisk frukt.

Prisane på bensin fall med 1,6 prosent i november og medverka med dette til å dempe veksten i konsumprisane frå oktober til november. Det same gjorde prisane på audiovisuelt utstyr og enkelte produkt innanfor klede.

12-månadersveksten: Høgare prisar innanfor gruppa bustad, lys og brensel

Konsumprisindeksen har dei 12 siste månadene stige med 2,1 prosent som er den høgaste 12-månadersveksten hittil i år. Auken kjem hovudsakleg av husleigevekst og høgare prisar på elektrisitet. Estimert og betalt husleige har stige med respektive 4,4 og 4,2 prosent. I motsetning til føregåande månader, medverkar elektrisitetsprisane i november til å trekkje opp 12-månadersveksten med ein oppgang på 7,6 prosent.

Andre viktige tilskott til auken i konsumprisindeksen siste 12 månader kjem frå prisane på matvarer og bensin som har stige med høvesvis 3,4 og 6,5 prosent. KPI utan energivarer (KPI-JE) har auka med 1,7 prosent sidan november i fjor.

Prisane på ei rekkje tenester trekkjer også opp 12-månadersveksten. Det er mellom anna registrert auka forsikringspremiar og høgare prisar på restaurant- og ulike helsetenester.

Konsumprisindeksen. 1998=100

Prisane på klede har falle med 8,3 prosent sidan november i fjor. Prisindeksen for butikkhandel med klede har derimot ikkje falle i same grad. For meir informasjon, sjå delindekser i konsumprisindeksen . Prisane på flyreiser ligg 14,7 prosent lågare enn på same tid i fjor og medverkar saman med prisane på klede til å dempe auken i konsumprisane. Det same gjer prisane på audiovisuelt utstyr som har gått ned med 6,3 prosent dei siste 12 månadene.

12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var 2,5 prosent i november. Reduksjonar i avgiftene samla sett trekkjer dermed KPI ned med 0,4 prosentpoeng.

Endringar i 12-månadersveksten: Oppgang

12-månadersveksten i KPI steig frå 1,8 prosent i oktober til 2,1 prosent i november, noko som i all hovudsak kjem av utviklinga i prisane på elektrisitet. I november i fjor fall prisane marginalt med 0,1 prosent, medan i november i år steig prisane, som nemnt ovanfor, med 10,3 prosent. Prisane på bensin og matvarer medverkar også til oppgangen i 12-månadersveksten, medan prisane på klede trekkjer i motsett retning.

KPI-JA steig frå 2,1 prosent i oktober til 2,5 prosent i november, medan KPI-JAE gjekk frå 2,1 til 2,0 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  November 2002 Oktober-november 2002 November 2001-november 2002 Januar-november 2001 - januar-november 2002
KPI totalindeks  111,0 0,4 2,1 1,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  101,5 0,4 3,3 -2,1
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  113,5 - -1,0 -0,8
Klede og skotøy 89,5 -0,3 -7,2 -5,4
Bustad, lys og brensel  122,3 1,7 5,0 3,4
Møblar og hushaldsartiklar mv.  103,1 - 0,5 0,3
Helsepleie  117,4 -0,3 4,7 4,1
Transport  112,7 -0,2 1,9 1,0
Post og telekommunikasjonar 89,0 -0,7 1,9 2,1
Kultur og fritid  105,6 -0,1 0,8 1,1
Utdanning  131,5 - 4,9 8,7
Hotell- og restauranttenester  117,4 0,1 3,9 4,3
Andre varer og tenester  115,9 0,1 2,9 3,1
         
KPI-JE  109,3 - 1,7 1,5
KPI-JA   0,4 2,5 2,1
KPI-JAE   0,1 2,0 2,4