32499_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32499
Nedgang i konsumprisane
statistikk
2002-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. august 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i konsumprisane

Konsumprisindeksen (KPI) fall med 0,3 prosent frå 15. juli til 15. august. Nedgangen er eit resultat av mellom anna lågare prisar på klede, matvarer og flyreiser. 12-månadersveksten i KPI fall frå 1,6 prosent i juli til 1,4 prosent i august.

KPI var 109,6 (1998=100) i august i år, mot 108,1 i august i fjor. 12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,3 prosent i august, ned frå 2,7 prosent i juli.

Prisendring frå juli til august: Prisane ned 0,3 prosent

Sommarsalet heldt fram i august, og prisane på klede og skotøy fall med 3,3 prosent. Prisane på klede hadde ein nedgang på 3,4 prosent medan prisane på skotøy sank med 2,7 prosent. Det vart også registrert noko tilbodsaktivitet på audiovisuelt utstyr og møblar, prisnedgangen var på høvesvis 1,8 og 1,2 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer gjekk samla sett ned med 0,6 prosent. Det var hovudsakleg sesongmessige prisendringar på frukt og grønsaker som trekte ned. Det var særleg poteter, druer og paprika som fall i pris.

Foreldrebetaling i private og kommunale barnehagar fall samla sett med 1,9 prosent. Prisane i dei kommunale barnehagane gjekk ned medan prisane i dei private barnehagane steig svakt. For meir informasjon om barnehagetakstane, les eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, august 2002.

Både husleige for bustader i leigemarknaden (betalt husleige) og estimert husleige for sjølveigarar viste ein svak nedgang i august. Frå og med augustindeksen blir eigarar av bustader i partslag klassifiserte som sjølveigarar i KPI, og dei blir derfor innlemma i estimert husleige i staden for som tidlegare, i betalt husleige. For meir informasjon om dei metodiske endringane sjå: Omklassifisering av andelseiere . Prisane på elektrisitet har falle i alle månadene hittil i år, men i august gjekk elektrisitetsprisane, inkludert nettleige, opp med 0,6 prosent noko som kjem av auka nettleiger. Kraftprisane separat, fall derimot svakt i august.

Gruppa transport gjekk opp med 0,2 prosent i august som hovudsakleg kjem av ein auke i bensinprisane på 1,4 prosent. I motsett retning trakk prisane på flyreiser som samla gjekk ned med 2,3 prosent. Det var prisane på innanriksstrekningar som fall, medan det derimot vart registrert ein prisoppgang på strekningar utanlands.

Etter ein kraftig reduksjon i prisane på hotelltenester førre månad, auka dei i august med 7,6 prosent. Sidan førre måling i januar 2002 vart det registrert høgare prisar på tannlegetenester samt høgare eigenbetaling for skolefritidsordninga.

12-månadersveksten: Prisane opp 1,4 prosent

Dei viktigaste tilskotta til auken i konsumprisane kjem framleis frå estimert og betalt husleige som har stige med respektive 5,6 og 4,9 prosent dei siste 12 månader.

Ein annan viktig bidragsytar til veksten i konsumprisindeksen er prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer med ein samla prisoppgang på 2,9 prosent. Det er meieriprodukta samla som har stige mest i pris med 5,7 prosent.

Prisar på ei rekkje tenester trekkjer også opp 12-månadersveksten. Det er mellom anna registrert auka forsikringspremiar, høgare prisar på tenester knytt til vedlikehald og reparasjon av bustad og høgare prisar på ulike helsetenester.

Elektrisitetsprisane steig frå juli til august som ein følgje av auka nettleiger, men på 12-månadersbasis ligg derimot prisane 13,9 prosent lågare enn på same tid i fjor. KPI utan energivarer (KPI-JE) har stige med 2,1 prosent.

Klede og flyreiser har også medverka til å dempe veksten i konsumprisane med prisfall på respektive 8,3 og 10,5 prosent dei siste 12 månader.

Konsumprisindeksen. 1998=100

12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA), var 1,7 prosent i august. Reduksjonar i avgiftene samla sett trekkjer dermed KPI ned med 0,3 prosentpoeng. KPI-JAE har i same periode stige med 2,3 prosent.

Endringar i 12-månadersveksten: Fall i prisstigingstakta

12-månadersveksten i KPI fall frå 1,6 prosent i juli til 1,4 prosent i august, noko som i all hovudsak kjem av prisutviklinga på klede. Det vart registrert eit klart kraftigare sesongsal på klede i august i år med eit prisfall på 3,4 prosent samanlikna med august i fjor då prisane berre fall med 0,8 prosent. Andre tilskott kjem mellom anna frå prisane på matvarer og husleiger.

KPI-JA fall frå 2,0 til 1,7 prosent medan KPI-JAE gjekk frå 2,7 til 2,3 prosent.

Nye vekter i konsumprisindeksen

Vektene i KPI blir reviderte i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2002 til juli 2003 er vektene baserte på forbruksundersøkingane i 1999, 2000 og 2001. Sjå: nye vekter

Statistikkbanken

Statistikkbanken er ei teneste for publisering av detaljert statistikk på internett. Den blir oppdatert samtidig med Dagens statistikk kl.10.00. For meir informasjon om statistikkbanken og KPI sjå: Statistikkbanken .

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  August 2002 Juli 2002- august 2002 Aug. 2001- aug. 2002 Jan.-aug. 2001- jan.-aug. 2002
KPI totalindeks  109,6 -0,3 1,4 0,9
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  101,7 -0,6 2,9 -4,0
Alk.hald.drikkevarer og tobakk  113,6 0,1 -0,4 -0,7
Klede og skotøy 84,4 -3,3 -7,4 -4,7
Bustad, lys og brensel  118,1 - 2,3 3,2
Møblar og hushaldsartiklar mv.  102,5 -0,8 0,4 0,2
Helsepleie  117,6 0,9 5,1 3,8
Transport  112,7 0,2 1,0 0,7
Post og telekommunikasjonar 89,4 -0,6 2,3 2,0
Kultur og fritid  105,9 -0,5 1,0 1,1
Utdanning  125,6 - 10,4 10,4
Hotell- og restauranttenester  116,5 0,9 4,0 4,3
Andre varer og tenester  114,7 -0,3 3,1 3,0
         
KPI-JE  108,7 -0,5 2,1 1,5
KPI-JA   -0,3 1,7 2,1
KPI-JAE   -0,4 2,3 2,5