32511_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32511
Prisveksten nede i 0,8 prosent
statistikk
2002-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisveksten nede i 0,8 prosent

Konsumprisindeksen (KPI) sin 12-månadersvekst var 0,8 prosent i februar. Den låge prisveksten kjem mellom anna av reduksjonar i avgiftene. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) viste ein auke på 2,1 prosent i same periode.

KPI var 109,3 (1998=100) i februar 2002, mot 108,4 i februar 2001. Konsumprisane steig med 0,3 prosent frå 15. januar til 15. februar.

12-månadersveksten: Lågaste prisvekst sidan 1996

Dei siste 12 månadene har KPI stige med 0,8 prosent. Det er den lågaste 12-månadersveksten sidan juni 1996. Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer trekkjer ned 12-månadersveksten i februar med 0,7 prosentpoeng som ei følgje av momsreduksjonen frå 1. juli 2001. Prisane har samla falle med 5,8 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Det er først og fremst meieriprodukt, brød- og kornprodukt som står for dei største tilskotta til nedgangen. Andre tilskott kjem blant anna frå kaffi, te og kakao.

Prisane på klede og skotøy er også med på å forklare den låge 12-månadersveksten i februar. Prisane har i gjennomsnitt vist ein nedgang på 7,1 prosent. Klesprisane har falle med 7,9 prosent og har med det vist ein klart kraftigare nedgang enn prisane på skotøy, som sidan februar i fjor har gått ned med 2,9 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100

Som ei følgje av avgiftsreduksjonar på alkohol ved nyttår dreg også prisane på alkoholhaldige drikkevarer ned 12-månadersveksten. 12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var 2,2 prosent i februar. Endringar i avgiftene trekte dermed samla sett ned 12-månadersveksten i KPI med 1,4 prosentpoeng. Forutan lågare alkoholavgifter og halvert momssats på matvarer, kjem dette blant anna av lågare elektrisitets- og bensinavgifter.

Bensinprisane har redusert konsumprisveksten gjennom fleire månader og er ei viktig forklaring på den låge prisveksten. Til tross for prisoppgang på bensin hittil i år har bensinprisane samla falle med 10,8 prosent sidan februar i fjor, noko som blant anna kjem av utviklinga i råoljeprisen.

Andre tilskott som dempar veksten i konsumprisane kjem frå lågare priser på audiovisuelt utstyr, barnehageplassar, bustadtekstilar og teleutstyr.

Prisveksten på varer og tenester innanfor gruppa bustad, lys og brensel gir derimot det største tilskottet til den samla konsumprisveksten i februar med 1,2 prosentpoeng. Prisveksten kjem i all hovudsak av auka prisar på elektrisitet inkludert nettleige, og husleiger. Prisane på elektrisitet fall svakt i februar, men låg likevel 10,1 prosent høgare enn på tilsvarande tid i fjor. Forbruksavgifta vart redusert frå 11,30 øre/kWh til 9,30 øre/kWh ved årsskiftet. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 0,4 prosent sidan februar 2001. Samla trekkjer likevel energivarene prisveksten svakt ned. KPI utan energivarer (KPI-JE) har stige med 0,9 prosent frå februar i fjor til februar i år. KPI-JAE steig med 2,1 prosent.

Bukostnader for sjølveigarar (estimert husleige) og husleiger for leigebustader og bustader i partslag (betalt husleige) har stige med respektive 4,2 og 3,9 prosent frå februar i fjor. Prisar på varer og tenester knytte til vedlikehald og reparasjon av bustad har også medverka til konsumprisveksten.

Med ein gjennomsnittleg auke på 9,0 prosent har også prisane på transporttenester medverka til konsumprisveksten. Prisveksten kjem hovudsakeleg av ein kraftig auke i prisane på flybillettar som har stige med heile 20,5 prosent sidan februar i fjor. Prisane på passasjertransport med jernbane, t-bane og trikk har i tillegg vist ein kraftig oppgang. Andre tilskott til prisveksten frå denne gruppa kjem frå kjøp av bil og vedlikehald og reparasjon på verkstad.

Prisane på hotell- og restauranttenester har samla gått opp med 4,6 prosent sidan februar i fjor. Hotelltenestene har hatt den kraftigaste prisveksten med 7,2 prosent, men det er likevel restauranttenestene som har gitt det største tilskottet til 12-månadersveksten.

Auka utgifter til forsikring og høgare prisar på varer og tenester knytte til personleg pleie gjer at gruppa andre varer og tenester også trekkjer opp veksten i konsumprisane dei siste 12 månadene. Prisane på sosiale omsorgstenester trekkjer derimot i motsett retning som ei følgje av reduserte barnehagetakstar.

Endringar i 12-månadersveksten: Markant nedgang

12-månadersveksten i KPI gjekk frå 1,3 prosent i januar til 0,8 prosent i februar. Det kraftige fallet er eit resultat at fleire faktorar. Bensinprisane steig berre med 0,2 prosent i februar i år, mot ein oppgang på 2,9 prosent i februar i fjor, medan elektrisitetsprisane fall med 0,4 prosent i februar i år, mot ein auke på 2,4 prosent på same tid i fjor. Både estimert og betalt husleige trekte også ned 12-månadersveksten i februar.

Utgifter til sosiale omsorgstenester fall med 0,7 prosent i år, medan utgiftene steig med 4,1 prosent i tilsvarande periode i fjor. Nedgangen i år kjem som tidlegare nemnt av prisutviklinga i barnehagetakstane. Prisane på klede har også medverka til nedgangen med ein noko svakare stigning i februar i år enn i same periode i fjor.

I tillegg har prisutviklinga på kjøp av bilar, enkelte hushaldsartiklar og audiovisuelt utstyr også påverka den kraftige nedgangen i 12-månadersendringa i februar.

KPI-JA fall frå 2,7 prosent i januar til 2,2 prosent i februar medan KPI-JAE gjekk frå 2,5 prosent til 2,1 prosent.

Prisendring frå januar til februar: Oppgang etter sal

Etter stor tilbodsaktivitet i januar, vart det registrert prisoppgang på ei rekkje varer i februar. Prisane på møblar og hushaldsartiklar med vidare steig samla med 1,9 prosent og det var spesielt møblar og teppe som auka i pris. Skotøy viste ein prisauke på 2,5 prosent, medan prisane på klede gjekk opp med 1,5 prosent.

Bensinprisane viste ein samla prisoppgang på 0,2 prosent i februar. Andre tilskott frå gruppa transport kjem frå auka avgifter på parkometer og bomveg samt auka prisar på vedlikehald og reparasjon på verkstad.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer gjekk samla sett svakt opp med 0,2 prosent i februar. Det var i hovudsak prisane på fisk, kjøtt og frukt som gjekk opp, medan prisane på friske grønsaker og kaffi gjekk noko ned.

Eigenbetaling for heimehjelp steig kraftig i februar frå førre måling i februar i fjor. Det vart også registrert ein prisoppgang på legekonsultasjon og fysikalsk behandling. Barnehagetakstar, derimot, sank gjennomsnittleg med 1,9 prosent frå førre måling i august 2001. Nedgangen var større i dei kommunale barnehagane enn i dei private barnehagane. For meir informasjon om barnehagetakstane, les eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, januar 2002

Prisane på varer og tenester innanfor gruppa bustad, lys og brensel gjekk samla ned med 0,3 prosent i februar, og medverka dermed mest til å dempe prisoppgangen frå januar til februar. Estimert husleige gjekk ned med 0,4 prosent medan betalt husleige sank med 0,2 prosent. Det var berre på leigemarknaden det blei registrert nedgang. Husleigene for bustader i partslag var uendra. Elektrisitetsprisane gjekk svakt ned med 0,4 prosent i februar.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Februar 2002 Januar-februar 2002 Februar 2001-februar 2002 Januar-februar 2001 -
januar-februar 2002
KPI totalindeks 109,3 0,3 0,8 1,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 99,9 0,2 -5,8 -5,9
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 113,0 - -0,8 -0,7
Klede og skotøy 87,1 1,6 -7,1 -7,0
Bustad, lys og brensel 118,4 -0,3 4,7 5,1
Møblar og hushaldsartiklar mv, 103,4 1,9 -0,3 -
Helsepleie 114,9 0,7 2,9 2,8
Transport 112,3 0,2 1,0 1,3
Post- og telekommunikasjonar 87,6 0,3 1,2 1,0
Kultur og fritid 105,4 0,2 0,7 1,0
Utdanning 125,6 - 10,4 10,4
Hotell- og restauranttenester 114,8 0,2 4,6 4,6
Andre varer og tenester 114,0 - 2,6 3,3
         
KPI-JE 108,0 0,3 0,9 1,1
KPI-JA   0,3 2,2 2,5
KPI-JAE   0,3 2,1 2,3