32533_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32533
Prisauke på 3,7 prosent siste 12 månader
statistikk
2001-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mars 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på 3,7 prosent siste 12 månader

Konsumprisindeksen steig med 0,2 prosent frå 15. februar til 15. mars. Det var i all hovudsak høgare prisar på elektrisitet og høgare husleiger som trekte opp prisveksten. Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,7 prosent, mot 3,6 prosent i februar.

Konsumprisindeksen var 108,6 (1998=100) i mars i år, mot 104,7 i mars 2000.

Prisendring frå februar til mars: Prisauke på elektrisitet

Prisauken på elektrisitet var den største bidragsytaren til prisveksten i mars med ein oppgang på 3,1 prosent. Med siste månads prisauke har elektrisitetsprisane stige samanhengande sidan september 2000. Husleigene for bustader i partslag og på leigemarknaden (betalt husleige) auka samla med 0,3 prosent i mars medan estimerte husleiger steig med 0,1 prosent.

Det vart registrert ein prisoppgang på 0,5 prosent på matvarer frå februar til mars. Oppgangen skuldast i hovudsak høgare prisar på ferskt kjøtt, frisk frukt og grønsaker. Prisane på restauranttenester auka med 0,4 prosent.

Prisane på transporttenester auka òg med 0,4 prosent. Dette skuldas ein auke i billettakstar på T-bane, trikk og buss. Bensinprisane hadde ein nedgang på 1,2 prosent i mars etter oppgang i februar.

Prisfall på IT-utstyr og brunvarer trekte òg ned prisveksten i mars.

12-månadersveksten: Høgare elektrisitetsprisar

Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,7 prosent. Det er den høgaste 12-månadersveksten sidan mai 1991. Prisveksten i gruppa bustad, lys og brensel er den viktigaste årsaka, og bidraget frå denne gruppa til den totale veksten i konsumprisane er på 1,9 prosentpoeng. Det er hovudsakleg høgare prisar på elektrisitet og høgare husleiger som forklarer dette. Prisnivået på elektrisitet er heile 25,2 prosent høgare enn på same tid i fjor. Estimerte husleiger har auka med 4,6 prosent og husleiger for bustader på leigemarknaden og for bustader i partslag (betalt husleige) har vist ein auke på 4,1 prosent dei siste 12 månadene.

Høgare prisar på transportmiddel og -tenester gir eit bidrag på 0,6 prosentpoeng til den totale konsumprisveksten. Prisane på bilar har auka med 3,5 prosent, medan prisane på transporttenester har stige med 8,7 prosent. Det er passasjertransport på veg (buss- og drosjetakstar) og fly som har stige mest. Medan bensinprisane trekte opp prisveksten gjennom heile 2000, dempa dei konsumprisveksten med knappe 0,2 prosentpoeng i mars. Bensinprisane i mars var 5,0 prosent lågare enn på same tid i fjor.

 Konsumprisindeksen. 1998 = 100

Prisane på energivarer, særleg elektrisitet og oljerelaterte produkt, har ein tendens til å variere meir enn andre varer og dei har ein forholdsvis stor vekt i konsumprisindeksen. Elektrisitetsprisane har i det siste hatt særleg stor påverknad på utviklinga i konsumprisindeksen. Konsumprisindeksen eksklusive elektrisitet var i mars 2,9 prosent høgare enn i same månad i fjor. Ser ein på konsumprisindeksen eksklusive alle energivarer, var 12-månadersveksten 3,2 prosent. Sjå eigen tabell. http://www.ssb.no/kpi/1-10t.txt

For 2001 er det vedtatt ei rekkje endringar i avgiftene. Statistisk sentralbyrå har ingen observasjonar av dei direkte verknadene av endringar i avgiftene, men har estimert at dei direkte og indirekte effektane av dei viktigaste endringane i avgiftene (utover justering for inflasjon), vil auke prisveksten med 0,6 prosentpoeng i 1. halvår 2001 (sjå Økonomiske analyser nr. 9 i 2000 ). Av dette bidreg auken i avgifta på elektrisitet med 0,2 prosentpoeng, medan nedgang i avgiftene på drivstoff førte til at avgiftene på energivarer samla sett vart rekna til å ikkje påverke veksten i konsumprisindeksen i særleg grad.

Prisoppgang på produkt knytt til personleg pleie og høgare utgifter til sosiale omsorgstenester er hovudårsakene til at prisane på andre varer og tenester har auka med 5,1 prosent dei 12 siste månadene. Bidraget frå gruppa er på 0,3 prosentpoeng. Det er særleg høgare prisar på frisørtenester, toalettartiklar samt auka barnehagetakstar og høgare betalingssatsar for heimehjelp som har påverka prisutviklinga.

Prisane på klede har stige med 4,1 prosent dei siste 12-månadene og gir eit bidrag på 0,2 prosentpoeng til den totale veksten. Klesprisane har frå midten av 1990-talet hatt ein klart fallande trend, men har dei seinare månadene trekt opp 12-månadersveksten.

Matvareprisane har samla vist ein oppgang på 1,9 prosent og det er særleg prisane på fisk og kjøtt som har stige i pris. Prisane for hotell- og restauranttenester har stige med 4,5 prosent, det er først og fremst restauranttenester som har auka i pris.

Saman med lågare bensinprisar trekkjer lågare prisar på teleutstyr og -tenester, audiovisuelt utstyr og skotøy ned 12-månadersveksten i mars.

Endringar i 12-månadersveksten

12-månadersveksten gjekk opp frå 3,6 prosent i februar til 3,7 prosent i mars. Dei stigande elektrisitetsprisane gir aleine eit tilskot på 0,4 prosentpoeng til auken i 12-månadersveksten i konsumprisane. Elektrisitetsprisane steig som nemnt ovanfor, med 3,1 prosent sist månad medan prisane fall med heile 8,1 prosent i same periode i fjor. I motsett retning trekte særleg lågare bensinprisar med ein nedgang på 1,2 prosent i mars i år, mot ein oppgang på 5,8 prosent i mars i fjor.

Konsumprisindeksen og ny forskrift for pengepolitikken. Les meir http://www.ssb.no/kpi/art-2001-04-09-01.html

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Mars 2001 Feb. 2001-mars 2001 Mars 2000-mars 2001 Jan.-mars 2000
jan.-mars 2001
Totalindeks 108,6 0,2 3,7 3,6
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 106,4 0,4 1,9 2,3
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 114,0 0,1 3,9 4,1
Klede og skotøy 94,3 0,5 2,6 2,3
Bustad, lys og brensel 113,7 0,5 7,1 5,8
Møblar og hushaldsartiklar mv. 103,5 -0,2 1,2 1,1
Helsepleie 111,4 -0,3 3,2 3,4
Transport 111,2 - 3,2 4,1
Post- og telekommunikasjonar 86,9 0,3 -3,8 -4,0
Kultur og fritid 104,3 -0,4 1,0 1,0
Utdanning 113,8 - 4,9 4,9
Hotell- og restauranttenester 110,2 0,4 4,5 4,0
Andre varer og tenester 111,2 0,1 5,1 5,2