32551_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32551
Sterk stigning i bensinprisane
statistikk
2000-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. juni 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk stigning i bensinprisane

Konsumprisindeksen steig med 0,6 prosent frå 15. mai til 15. juni. Dette kjem i hovudsak av ein kraftig auke i prisane på bensin. Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,3 prosent, mot 2,8 prosent i mai.

Konsumprisindeksen var 105,7 (1998=100) i juni i år, mot 102,3 i juni i fjor.

Prisendring frå mai til juni

Prisane på drivstoff og smøremiddel steig samla sett med 5,5 prosent sist månad. Oppgangen gjaldt alle bensintypar som inngår i konsumprisindeksen. Bensinprodukt har ei høg vekt i konsumprisindeksen, og prisauken på desse produkta er dermed den største enkeltfaktoren som verkar inn på endringa i totalindeksen siste månad. Frå 1. mai blei prisreguleringa av drosjetakstar oppheva, og nokre av aktørane i marknaden auka takstane sine allereie førre månad. Prisane på passasjertransport på veg auka med 0,6 prosent denne månaden. Dette kjem av at andre aktørar i drosjemarknaden har følgd etter og justert opp takstane sine.

Husleigene auka samla sett med 0,5 prosent. Oppgangen fann stad i leigemarknaden, mens husleigene for bustader i partslag heldt seg uforandra. Prisane på produkt til vedlikehald og reparasjonar av eigen bustad auka med 1,9 prosent, mens andre tenester knytt til bustad viste ein auke med 0,4 prosent. Desse tenestene er dominerte av løn til handverkarar. Elektrisitet og brensel fall i pris, og reduserte oppgangen i bukostnader.

Matvareprisane auka med 1,2 prosent. Det blei spesielt registrert ein kraftig oppgang på grønsaker som kål, poteter og andre rotvekstar. Av dei ferske grønsakene var det berre paprika som fall i pris. Frisk frukt auka også i pris, men noko mindre enn prisane på grønsaker.

Prisane på produkt og tenester knytte til fritid og kultur steig samla sett med 0,8 prosent. Dette kjem i hovudsak av ein auke i prisen på pakketurar. Undersøkinga av prisane på pakketurar blir utført ein gong i året og blir rekna inn i konsumprisindeksen i juni kvart år. Prisauken på pakketurar i år vart litt lågare enn auken i fjor. Tilbod på nokre brunevarer, spesielt TV-apparat, gjorde at prisane på audiovisuelt utstyr fall med 0,5 prosent.

12-månadersveksten

Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,3 prosent. Ei av dei viktigaste årsakene bak denne auken finst innanfor transport. Prisane på bensin har auka sterkt sidan slutten av 1998, med unntak av mindre prisnedgang i enkelte månader. Blyfri 95-oktan bensin har gått opp med 22 prosent dei siste 12 månadene. Tilsvarande prisauke finn ein også for andre typar bensin. I all hovudsak kjem prisauken på bensin av høgare prisar på råolje. Ei justering av bensinavgiftene med 2 prosent ved årsskiftet har også verka inn. Det er også registrert ein sterk auke i prisane på tenester innanfor transportsektoren. Prisane på flyreiser har stige med 15,6 prosent dei siste 12 månadene, mens prisane på passasjertransport på veg har hatt ein auke på knapt 9 prosent. Endringane i den sistnemnde gruppa kjem i all hovudsak av auken i takstane på drosje.

 Prisindekser for olje, Brent Blend.....

Høgare utgifter til bustad trekkjer også opp den generelle prisveksten. Prisane på elektrisitet har gått opp med 6,8 prosent dei siste 12 månadene, mens husleigene har vist ein auke på 3,4 prosent. Stigande råoljeprisar er også ei årsak bak prisveksten på flytande brensel det siste året. Trass i reduksjonen i prisane på parafin og fyringsolje dei to siste månadene, er prisnivået framleis 36 prosent høgare enn på same tidspunkt i fjor.

Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk har vist ein auke på 7,0 prosent det siste året. Tobakksvarene har auka mest, med ein prisvekst på 10,7 prosent. Auken i prisane på tobakk kjem av høgare særavgifter ved årsskiftet.

Klede, teleutstyr og -tenester og audiovisuelt utstyr er tre område som har hatt fallande prisar gjennom fleire år. Prisane på klede har falle med 5,6 prosent det siste året. Fallande prisar på audiovisuelt utstyr kjem først og fremst av lågare prisar på IT-utstyr, men også prisane på brunevarer har falle det siste året.

Endringar i 12-månadersveksten

12-månadersveksten gjekk opp frå 2,8 til 3,3 prosent i juni. Endringa kjem først og fremst av den kraftige prisauken på bensin frå mai til juni i år. På same tid i fjor viste bensinprisane berre ein svak auke. Svak prisauke på kjøp av eige transportmiddel i juni førte også til oppgang i 12-månadersveksten. Denne gruppa vart registrert med nedgang i mai og juni i fjor som følgje av overgang til nytt prissystem ved sal av bilar.

Resten av tilskottet til endringa i 12-månadersveksten kjem av bustad- og vedlikehaldsutgifter. Elektrisitetsprisane gjekk ned med 1,0 prosent i førre månad, mot 3,1 prosent i tilsvarande månad i fjor. I tillegg har veksten i husleiger og vedlikehaldsutgifter i år vore noko kraftigare enn i tilsvarande månad i fjor.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Juni 2000 Mai 2000-
juni 2000
Juni 1999-
juni 2000
Januar-juni 1999-
januar-juni 2000
Totalindeks 105,7 0,6 3,3 2,9
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 105,8 1,0 1,8 1,8
Alk.hald. drikkevarer og tobakk 110,3 -0,1 7,0 6,8
Klede og skotøy 98,1 -0,1 -4,0 -4,5
Bustad, lys og brensel 105,8 0,4 4,8 4,4
Møblar og hushaldsartiklar mv. 102,0 0,2 0,4 0,7
Helsepleie 108,2 - 3,3 3,5
Transport 109,8 1,4 7,4 5,2
Post- og telekommunikasjonar 89,8 -0,1 -3,8 -6,1
Kultur og fritid 104,1 0,8 1,2 1,6
Utdanning 108,5 - 5,3 5,3
Hotell- og restauranttenester 106,5 0,7 3,0 2,6
Andre varer og tenester 106,5 0,2 2,8 2,3
Frigitt 10. juli 2000 (C) Statistisk sentralbyrå