32559_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32559
Høgare prisar på flyreiser
statistikk
2000-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på flyreiser

Konsumprisindeksen steig med 0,5 prosent frå 15. januar til 15. februar 2000. Høgare prisar på flybillettar og frukt og grønsaker medverka til oppgangen. Dei siste 12 månadene steig indeksen med 3,2 prosent mot 2,9 prosent i januar. Totalindeksen for februar var 104,6 (1998=100).

Prisane på transport auka med 0,9 prosent frå januar til februar i år. Oppgangen skuldast i hovudsak ein prisoppgang på 9,9 prosent på flybillettar, både ei omlegging frå sete- til passasjeravgifter og ein auke i avgiftene verka inn. Høgare prisar på flydrivstoff på grunn av høgare oljepris medverka også.

Prisane på drift og vedlikehald av transportmiddel steig med 0,9 prosent i same periode, i hovudsak på grunn av høgare bensinprisar.

Matvarer steig samla sett med 1,1 prosent hovudsakleg som følgje av ein sesongmessig prisauke på frukt og grønt.

Foreldrebetaling i barnehagar auka med 2,6 prosent frå siste måling (august 1999), og det vart registrert ein noko sterkare prisauke i kommunale barnehagar enn i private.

Husleige

Husleigene viste berre ein moderat auke med 0,1 prosent frå førre månad. Frå januar 2000 vart husleigene registrerte og innarbeidde i konsumprisindeksen månadleg, mot tidlegare i kvart kvartal. Overgangen fører med seg at endringar i husleigene vert innarbeidde på eit tidlegare tidspunkt. 12-månadersveksten i februar i år er difor prega av at husleigene i februar 1999 ikkje viste endring.

Gebyra i dei kommunale tenestene tilhøyrande bustad steig samla sett med 6,1 prosent frå januar 1999 til januar 2000. Dette viste Statistisk sentralbyrå si årlege undersøking. Oppgangen har vore størst i regionen Sørlandet/Rogaland. Det siste året har årsavgift for renovasjon på landsbasis vist den sterkaste auken med om lag 7 prosent.

Etter ein samanhengande periode frå august 1999 til og med januar 2000, med oppgang i elektrisitetsprisane inkludert nettleige og avgifter, vart det frå januar til februar i år registrert ein nedgang i prisane på 1,0 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks
01.02.2000
Endring i prosent
  Januar-
februar 2000
Februar 1999-
februar 2000
Januar-februar 1999-
januar-februar 2000
Totalindeks 104,6 0,5 3,2 3,0
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 104,0 1,0 2,0 1,6
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 109,3 0,4 6,4 6,2
Klede og skotøy 90,7 -0,5 -3,4 -2,7
Bustad, lys og brensel 107,2 - 5,1 5,0
Møblar og hushaldsartiklar mv. 102,1 1,4 1,3 1,0
Helsepleie 107,9 0,6 3,5 3,9
Transport 106,4 0,9 4,5 4,0
Post- og teletenester 90,3 -0,1 -8,2 -8,3
Kultur og fritid 103,2 0,1 2,0 2,0
Utdanning 108,5 - 5,3 5,3
Hotell- og restauranttenester 105,7 0,1 2,5 2,6
Andre varer og tenester 105,2 0,6 1,7 2,2