199306_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199306
HKPI opp 0,8 prosent
statistikk
2015-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Norge gikk opp 0,8 prosent fra august til september.

Harmonisert konsumprisindeksseptember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,8 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk opp 0,8 prosent frå august til september. Høgare prisar på klede, elektrisitet og møbler drog HKPI opp, medan lågare prisar på bensin trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juli 2015August 20151September 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,51,81,9
Island0,51,1...
Sverige0,80,6...
Danmark0,50,3...
Finland-0,1-0,2...
Tyskland0,10,1...
Storbritannia0,10,0...
EØS0,20,1...
EU0,20,0...
Euroområdet0,20,1-0,1
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 121,1 (2005=100) i september 2015, mot 118,8 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent i september, opp 0,1 prosentpoeng frå august.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om septembertala.

EU, EØS og euroområdet

Tal for august 2015 viser at HKPI var 120,7 (2005=100) for EU og 120,8 for EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,7 (2005=100). For EU inneber dette inga vekst i HKPI frå august 2014 til august 2015, medan tolvmånadersveksten var 0,1 prosent for både euroområdet og EØS. For euroområdet er det estimert ein nedgang i HKPI på 0,1 prosent frå september 2014 til september 2015.

Detaljerte tal for september 2015 vert publiserte av Eurostat 16. oktober.