199300_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199300
HKPI opp 0,3 prosent
statistikk
2015-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,3 prosent frå mai til juni.

Harmonisert konsumprisindeksjuni 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,3 prosent frå mai til juni. Høgare prisar på flyreiser, matvarer og drivstoff drog HKPI opp, medan lågare prisar på elektrisitet og møbler trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
April 2015Mai 20151Juni 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,82,02,6
Island-0,30,3...
Sverige0,50,9...
Danmark0,40,4...
Finland-0,10,1...
Tyskland0,30,7...
Storbritannia-0,10,1...
EØS0,00,3...
EU0,00,3...
Euroområdet0,00,30,2
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 120,6 (2005=100) i juni 2015, mot 117,5 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,6 prosent i juni, opp 0,6 prosentpoeng frå mai.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om junitala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mai 2015 viser at HKPI var 121,4 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,5 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i mai var 0,3 prosent for EU, EØS og euroområdet. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,2 prosent for juni 2015.

Detaljerte tal for juni 2015 vert publiserte av Eurostat 16. juli.