199298_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199298
HKPI opp 0,3 prosent
statistikk
2015-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,3 prosent frå april til mai.

Harmonisert konsumprisindeksmai 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,3 prosent frå april til mai. Høgare prisar på flyreiser, matvarer og klede drog HKPI opp, medan lågare prisar på elektrisitet og drivstoff trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Mars 2015April 20151Mai 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,71,82,0
Island-0,1-0,3...
Sverige0,70,5...
Danmark0,30,4...
Finland0,0-0,1...
Tyskland0,20,3...
Storbritannia0,0......
EØS-0,10,0...
EU-0,10,0...
Euroområdet-0,10,00,3
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 120,2 (2005=100) i mai 2015, mot 117,9 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,0 prosent i mai, opp 0,2 prosentpoeng frå april.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om maitala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for april 2015 viser at HKPI var 121,1 (2005=100) for EU og 121,2 for EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,2 (2005=100). For EU, EØS og euroområdet svarar dette til inga vekst i HKPI frå april 2014 til april 2015. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,3 prosent for mai 2015.

Detaljerte tal for mai 2015 vert publiserte av Eurostat 17. juni.