199294_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199294
HKPI opp 0,3 prosent
statistikk
2015-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmars 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,3 prosent frå februar 2015 til mars 2015. Høgare prisar på klede og møbler drog HKPI opp, medan lågare prisar på matvarer og elektrisitet trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Januar 2015Februar 20151Mars 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,91,81,7
Island-0,1-0,8...
Sverige0,40,7...
Danmark-0,30,0...
Finland-0,1-0,1...
Tyskland-0,5-0,1...
Storbritannia0,3......
EØS-0,5-0,2...
EU-0,5-0,2...
Euroområdet-0,6-0,3-0,1
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 119,4 (2005=100) i mars 2015, mot 117,4 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,7 prosent for mars, ned 0,1 prosentpoeng frå februar.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om marstala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2015 viser at HKPI var 119,8 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 116,6 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i februar var -0,2 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var det ein negativ vekst på 0,3 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til -0,1 prosent for mars 2015.

Detaljerte tal for mars 2015 vert publiserte av  Eurostat 17. april 2015.