199274_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199274
HKPI opp 0,4 prosent
statistikk
2015-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksfebruar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,4 prosent frå januar 2015 til februar 2015. Høgare prisar på mat og møblar drog HKPI opp, medan lågare prisar på bøker, elektrisitet og drivstoff trekte i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Desember 2014Januar 20151Februar 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,01,91,8
Island-0,4-0,1...
Sverige0,30,4...
Danmark0,1-0,3...
Finland0,6-0,1...
Tyskland0,1-0,5...
Storbritannia0,50,3...
EØS-0,1-0,5...
EU-0,1-0,5...
Euroområdet-0,2-0,6-0,3
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 119,1 (2005=100) i februar 2015, mot 117,0 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for februar, ned 0,1 prosentpoeng frå januar.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om februartala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for januar 2015 viser at HKPI var 119,1 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 115,9 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i januar var -0,5 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var det ein negativ vekst på 0,6 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til -0,3 prosent for februar 2015.

Detaljerte tal for februar 2015 vert publiserte av  Eurostat 17. mars 2015.