199397_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199397
HKPI ned 0,3 prosent
statistikk
2015-02-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjanuar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg falt 0,3 prosent frå desember 2014 til januar 2015. Lågare prisar på blant anna klede og flyreiser drog HKPI ned, medan høgare matvareprisar drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
November 2014Desember 20141Januar 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,02,01,9
Island-0,6-0,4...
Sverige0,30,3...
Danmark0,20,1...
Finland1,10,6...
Tyskland0,50,1...
Storbritannia1,00,5...
EØS0,4-0,1...
EU0,3-0,1...
Euroområdet0,3-0,2-0,6
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 118,6 (2005=100) i januar 2015, mot 116,4 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent for januar, ned 0,1 prosentpoeng frå desember.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om januartala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for desember 2014 viser at HKPI var 120,7 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,7 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i desember var -0,1 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var det ein negativ vekst på 0,2 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til -0,6 prosent for januar 2015.

Detaljerte tal for januar 2015 vert publiserte av Eurostat 24. februar 2015.