158075_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158075
HKPI ned 0,1 prosent
statistikk
2015-01-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksdesember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg fall 0,1 prosent frå november til desember 2014. Lågare prisar på blant anna matvarer og alkoholfrie drikkevarer drog HKPI ned, medan høgare prisar på elektrisitet inkludert nettleige drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Oktober 2014November 20141Desember 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,92,02,0
Island1,0-0,6...
Sverige0,30,3...
Danmark0,30,2...
Finland1,21,1...
Tyskland0,70,5...
Storbritannia1,3......
EØS0,50,4...
EU0,50,4...
Euroområdet0,40,3-0,2
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 118,9 (2005=100) i desember 2014, mot 116,6 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,0 prosent for desember, uendra frå november.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om desembertala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2014 viser at HKPI var 120,8 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,8 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i november var 0,4 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,3 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til -0,2 prosent for desember 2014.

Detaljerte tal for desember 2014 vert publiserte av Eurostat 16. januar 2015.